Ny rapport: På veg mot plastfrie bølgjer

Å redde havet er ekstremt viktig, fordi eit friskt hav kan gje verda seks gonger meir mat, 40 gonger meir fornybar energi og hjelpe millionar av fattige ut av fattigdom. Ein ny rapport frå Norad viser at Norsk bistand gjev resultat i kampen mot marin forsøpling og plastforureining.
Betre gjenvinning og avfallshandtering er avgjerande
To milliardar menneske over heile verda manglar avfallshandteringssystem. I tillegg til å redusere produksjon og bruk av plast, er tilgang til innsamling og handtering av avfall avgjerande for å stoppe plast før det kjem til havet. I Indonesia har dei laga ein plan for å redusere havavfall med 70 prosent innan 2025. Eit av prosjekta i rapporten, leidd av Avfall Norge, har etablert eit berekraftig avfallssystem i Banyuwangi, Indonesia, med mål om å gjere det til ein søppelfri turistdestinasjon innan 2040. Eit anna prosjekt i Indonesia, The Stop Waste Go Circular project, har bidrege til avfallshandering for 400 000 menneske, gjeve over 300 jobbar, og samla inn meir enn 60 000 tonn avfall.
Frivillige er viktige
Rapporten løftar fram kvifor det er viktig å inkludere frivillige plastplukkarar i løysingane. Mange har sett bileta av Afroz Shah som starta dei store ryddeprosjekta av strendene i Mumbai, der han fekk med seg frivillige til å reinse opp heile stranda. Engasjementet hans har resultert i Afroz Shah Foundation i India, som har fått bistand frå Noreg for å trene folk i fleire lokalsamfunn i riktig avfallshandtering. Dette har resultert i at over 400 tonn plast er resirkulert i staden for å forureine strendene og havet.

I tillegg så får 37 byar i India bistand gjennom Centre for Science and Environment til å utvikle forskrifter for kjeldesortering, innsamlingsavgifter og bøter for manglande etterleving. Dette vil bidra til utsiktene deira til å handtere avfall betre i framtida.
Interpol jobbar mot ulovleg sal av søppel over landegrenser
Noreg gav òg bistand til Interpol, som koordinerte internasjonale operasjonar mot avfallstrafikkantar gjennom sitt Marine Pollution Enforcement-prosjekt. Interpol har gjennom dette avslørt over 10 000 lovbrot knytte til marin forsøpling, og gjennomført over 70 000 inspeksjonar.
I tillegg har opplæring, gjennom FN-organisasjonen UNODC, sett thailandske tollstyresmakter i stand til å oppdage og returnere ei sending av 130 tonn farleg avfall frå Australia importert under dekke av å vere papirsøppel. Dette sette presedens for straffeforfølging.
Avfall frå skipsfart og fiske
Mykje havavfall kjem frå skipsfart, turisme og fiskeri. Mest kjent er garn og anna fiskeutstyr på avvegar, som fisk og anna liv i havet blir vikla inn i og døyr.
GloLitter-prosjektet er utvikla for å hindre slikt avfall i fiskeri- og skipsfartsektorane i 30 partnarland. Eit av landa er Costa Rica. Der bidrog prosjektet til å få laga ein nasjonal handlingsplan mot marin forsøpling som førte til auka medvit, kapasitetsbygging og ein meir engasjert privat sektor for å redusere havbaserte kjelder til marint søppel.
Sirkulære løysingar og innovasjon
Eit større prosjekt leidd av SINTEF, piloterte bruk av ikkje-gjenvinnbart plastavfall som brensel i sementindustrien i Kina, India, Thailand og Vietnam. Teknologien har potensial for å redusere CO2-utslepp samtidig som kapasiteten til å handtere plastavfall som ikkje kan gjenvinnast, blir auka. Denne innovative løysinga forhindra minst 100 000 tonn plast frå å forureine miljøet, og indirekte minskar CO2-utslepp ved å unngå å etablere nye avfallsdeponi og forbrenningsanlegg.
Rapporten viser òg at bistanden frå Noreg stimulerer innovasjon ved å stø inkubatorar og akseleratorar for oppstartsselskap innan plastgjenvinning og avfallshandtering. Det er òg sett opp førstetapsfasilitet med bankar og finansinstitusjonar i Afrika Sør for Sahara slik at gründerar og mindre bedrifter har betre tilgang til kreditt.
Mykje arbeid står att, men rapporten viser at Noreg sin bistand på feltet har gjeve konkrete resultat i kampen mot den globale plastforureiningskrisa gjennom berekraftig avfallshandtering, politiske reformer, privat sektorengasjement og innovasjon.
Les rapporten her.
