Har vi gløymt dei aller fattigaste?

I dag, på den internasjonale dagen for avskaffing av fattigdom, legg Norad fram ein rapport som viser at nedgangen i ekstremfattigdom i verda nesten har stoppa opp. Etter ein lang periode frå 2000 til 2015 der fattigdomen i verda fall dramatisk, er det siste tiåret prega av stagnasjon.
Av avdelingsdirektør Håvard Mokleiv Nygård
Kronikken er òg publisert i Dagsavisen 17.10.2024 (abonnement).
Å eliminere fattigdom, i alle former, er det første berekraftsmålet. Det er ein grunn til at det er nettopp det første. Kamp mot fattigdom er ei moralsk forplikting, men å utrydde fattigdom er like fundamentalt for resten av agendaen om berekraftig utvikling.
Det definerande trekket ved fattigdom, sa nobelprisvinnaren Amartya Sen, er ufridom. Fattigdom tek frå folk moglegheitene, fridomen, til å bruke sine eigne evner og til sjølve å velje korleis dei vil sikre vekst og velstand for seg og samfunnet sitt.
Ekstremfattigdom tyder at du har mindre enn 22 kroner om dagen å leve for. Justert for kjøpekraft, du kan jo prøva å leve på 22 kroner om dagen i Noreg.
Ekstremfattige blir tvinga til ei rekkje lite strategiske, eller berekraftige, val. Ekstremfattige må ofte halde barna heime for å hjelpe familien heller enn å sende dei på skulen, og dermed blir framtida til barna undergraven. Dei kan ikkje ta på seg risikoen ved å prøve ut nye måtar å dyrke på, så effektiviteten i jordbruket aukar ikkje, og matproduksjonen stagnerer. Eller dei manglar kapital for å investere i enkle klimatiltak, så dei blir verande avhengige av trekol.
Fattigdom var målet over alle mål i bistanden. Men no ser vi at fattigdomsfokuset i delar av bistanden er dempa eller har forsvunne heilt. Globale felles-utfordringar, som klima og pandemiberedskap, og landa sine eigne interesser veg no tyngre og tyngre når gjevarar prioriterer bistandsmidlane sine.
Det regjeringsoppnemnde Sending-utvalet peikar på at også i Noreg har stadig fleire mål og omsyn kome inn i bistanden. I sum kan kryssande mål og omsyn undergrave effektiviteten til bistand som verktøy for fattigdomsreduksjon.
Framleis fattigdomsreduksjon vil krevje større investeringar i humankapital, helse, utdanning og så vidare, infrastruktur og velferd – investeringar som bidreg til høgare økonomisk vekst. I det lange første tiåret av dette tusenåret var fleire afrikanske land blant dei som voks aller raskast. Økonomisk vekst er ein heilt nødvendig føresetnad for framgang i dei aller fattigaste landa. Historisk har økonomisk vekst forklart det aller meste av nedgangen i fattigdom. No er veksten både lågare og verkar svakare enn før. Den gjenståande fattigdomen er meir gjenstridig. For å få bukt med den må land investere mykje for ny vekst som trekkjer dei fattige med.
Fattige land som skal gjere desse investeringane har no så pressa statsfinansar at dei ikkje er i stand til å gjere dette med eigne midlar. Dei fattige landa i verda har dei største forskjellane på utgiftsbehov og inntekter rekna som del av økonomiane sine. Dei har, i stor grad, heller ikkje tilgang til å låne pengane på internasjonale finansmarknader, slike rike land kan og gjer.
Bistand er kritisk viktig for å dekkje dette finansieringsgapet spesielt i dei fattigaste landa. Men sjølv om samla internasjonal bistand dei siste to åra har vore den høgaste nokosinne, er auken driven av ei, heilt nødvendig, styrking av bistand til Ukraina og ein stor auke i utgifter til å huse flyktningar. Bistandsgjevarar bruker no meir pengar på utgifter til flyktningar i sine eigne land enn vi bruker på humanitær krisehjelp.
Bistand til dei fattigaste landa i verda har gått ned. I 2021 vart rundt 31 % av all bistand gjeve til dei minst utvikla landa. I 2022 var talet 24. Bistand til sentrale område som likestilling og klima har stått nærast stille sidan 2019. Bistand til desse landa er viktig for økonomisk vekst. Litteraturen finn ein robust samanheng mellom bistand og økonomisk vekst: over tid vil eit land som får 10 % av den nasjonale inntekta si frå bistand, ha eit prosentpoeng høgare økonomisk vekst enn om landet ikkje fekk bistand.
Delen av bistand som ikkje går til humanitære kriser eller er til gjeldsslette, men som faktisk går til utviklingsprosjekt i fattige land har gått klart ned dei siste åra.
Rapporten frå Norad tilseier at verda ikkje kjem til å nå målet om å eliminere fattigdom innan 2030. Ja faktisk kom verda ut av kurs for å nå målet alt i åra etter at det vart sett i 2015. I dei første 13 åra av tusenåret fall ekstremfattigdomen med rundt 75 millionar årleg. I dei neste åra og fram til pandemien bremsa nedgangen opp til 25 millionar i året. I 2023 er det framleis fleire ekstremfattige i verda enn det var i 2019, og årleg nedgang har bremsa endå meir opp.
Verda treng å samlast i botnen med eit nytt løft for å utrydde fattigdom. Akkurat no diskuterer leiarane i verda kor mykje pengar dei skal setje inn i fattigdomsfondet til Verdsbanken. Dette fondet er uhyre effektivt, for kvar krone Noreg puttar inn, kan Verdsbanken saman med styresmakter i utviklingsland investere så mykje som fire kroner i utdanning, infrastruktur, helse, mattryggleik og andre tiltak med beviseleg effekt på fattigdom.
Verda har eit effektivt verkemiddel som kan oppskalerast kraftig for å betre levekåra til dei fattige raskare: Kontantoverføringar.
Folk er fattige, indikerer forskinga, ganske enkelt fordi dei er fødde fattige. Fattigdom fangar folk i ei felle der dei lever frå hand til munn, frå dag til dag, utan utsikter til å investere i eit betre liv for seg sjølve eller barna sine. Det kan vi gjere noko med. Dersom vi vil.