Sykehuskorridor
Med støtte frå Verdsbanken har styresmaktene i Ukraina sett i gang eit omfattande opplæringsprogram for helsepersonell i allmennlegetenesta for å avdekka og behandla psykiske problem.
Foto: Verdsbanken

Ukraina: Psykisk helsehjelp gjennom allmennlegetenesta i Ukraina

Ukraina har vist imponerande motstandsdyktigheit og styrke i møte med Russlands angrepskrig sidan februar 2022. Også helsevesenet vart utsett for enorme påkjenningar og utfordringar utan sidestykke. Bombeangrep øydela fasilitetar og forstyrra helsetilbodet. Folk slutta å gå til legen for regelmessige kontrollar.

Det å leva under konstant stress på grunn av uvissa forårsaka av krigen tærer hardt på mange ukrainarar. Behovet for psykiske helsetenester har auka dramatisk. Det blir anslått at éin av fem ukrainarar lid av psykiske problem på grunn av krig og konflikt.

Det å leva under konstant stress på grunn av uvissa forårsaka av krigen tærer hardt på mange ukrainarar. Foto: Verdsbanken

«Eg hadde lenge vore bekymra for mange slags problem, og då krigen braut ut, vart desse problema forsterka».
Pasient

Med støtte frå Verdsbanken har styresmaktene i Ukraina sett i gang eit omfattande opplæringsprogram for helsepersonell i allmennlegetenesta for å avdekka og behandla psykiske problem.

– Etterspurnaden etter psykiske helsetenester har auka, seier Roksolana, som er fastlege i Lviv. Krigen er ei vanskeleg utfordring for samfunnet vårt. Symptoma er mellom anna søvnproblem, auka angst, reduserte fysiske evner og tap av interesse for kvardagslivet – kjenslemessig. Derfor er den viktigaste oppgåva vår å hjelpa desse pasientane med å bli friske og komma tilbake til livet med forbetra livskvalitet.

Ved å gjera fastlegar betre rusta til å handtera psykiske problem blir det også lettare å få tilgang til psykisk helsehjelp, noko som bidreg til å redusera stigmatisering.

«Det å ha tilgang til psykisk helsehjelp på helsestasjonane synleggjer og normaliserer desse tenestene blant yngre menneske»
Pasient

Verdsbankens gir folk tilgang til førebyggjande helsetenester, startar opp att regelmessige helsekontrollar og vaksinasjonsdekning for barn, og forbetrar tilgangen til medisinar for personar med kroniske lidingar. Helsepersonell i primærhelsetenesta får opplæring innan psykisk helse og støtte til offer for kjønnsbasert vald, og til å skalera opp utviklinga av rehabiliteringstenester.

Slik fungerer støtta i praksis: Etter at ein lege har sett ein pasient og behandlinga er registrert, får legen og klinikken ei betaling for utførte tenester frå den nasjonale helsetenesta i Ukraina. Styresmaktene og Verdsbanken deler på kostnadene, noko som gir den ukrainske staten ekstra økonomisk handlingsrom.

Teksten er omsett og tilpassa frå Verdsbankens artikkel Strengthening Ukraine's Healthcare in the Midst of War. I artikkelen kan du lesa meir om korleis Verdsbanken støttar ukrainske styresmakter i å halda oppe og styrka helsevesenet under krigen. Noreg støttar prosjektet «Health Enhancement and Lifesaving» (HEAL) gjennom Verdsbankens fleirgivarfond Ukraine Relief, Recovery, Reconstruction and Reform Trust Fund (URTF). Fondet hjelper den ukrainske regjeringa med å oppretthalda administrativ og tenesteytande kapasitet og å gjennomføra nødhjelpsinnsats, samt å planleggja og byggja opp att landet.

Publisert 23.02.2024
Sist oppdatert 23.02.2024