Utsette og sårbare

Innan 2030 kjem over halvparten av dei fattige i verda og 86 prosent av dei ekstremt fattige til å leve i sårbare statar eller sårbare område. Det melder OECD i rapporten States of Fragility. For å kunne nå berekraftsmåla må utviklingsarbeidet rettast inn mot dei mest sårbare.

I utviklingssamanhang handlar det å vere sårbar mest om land i konflikt eller land som nyleg har kome ut av konflikt. Men det òg eit breiare omgrep som handlar om land med politisk uro, svak økonomi, land som er særleg utsette for klimaendringane eller som ikkje klarer å trygge innbyggarane sine. Land i konflikt er definerte som dei mest sårbare.  

Sårbare statar har ofte svak statleg kapasitet, legitimitet, autoritet og kontroll. Dei klarer berre i avgrensa grad å ta vare på grunnleggjande funksjonar.  Ofte evnar dei i liten grad å levere tenester som helse og utdanning. Dei har ofte svært avgrensa kontroll over eige territorium, er utrygge og maktar ikkje å utføre offentlege oppgåver tilstrekkeleg. Tilliten til nasjonale og lokale styresmakter er derfor ofte låg.   

Tidlegare snakka ein om sårbare statar utan å skilje utfordringane. I 2016 kom OECD med ein ny definisjon som deler inn i fem område: 

  • nasjonal samkjensle og sosialt fellesskap  
  • politiske prosessar og avgjerder 
  • økonomi  
  • miljø og klima 
  • tryggleik 

Dette betyr at eit land kan vere ekstremt sårbart på ein dimensjon, men mindre eller ikkje sårbart på ein annan.  

Strategisk rammeverk for norsk innsats i sårbare statar og regionar nyttar OECD sin definisjon.  

Dei mest sårbare 

I dag lever om lag to milliardar menneske i sårbare område. Det vil seie ein av fire av alle folk på jorda, eller tre av fire av dei ekstremt fattige.  

Det er estimert at over halvparten av dei fattige i verda og 86 % av ekstremt fattige kjem til å leve i sårbare statar og kontekstar innan 2030.   

I Afrika sør for Sahara er det 33 land i kategorien minst utvikla (MUL). Av desse er dei fleste definert som sårbare av enten Verdsbanken, OECD eller begge. I Fragile States Index er 29 av desse MUL-landa blant dei 61 mest sårbare statane. Dei fattigaste landa sør for Sahara er dermed også dei som er mest sårbare.   

På 20 år har talet på menneske som bur i land med krig og konflikt auka med over ein milliard, og 2023 var året med det høgaste talet på væpna konfliktar i verda registrert nokon gong.  

Kvinner og barn og marginaliserte grupper er spesielt sårbare.​  

I 2022 gjekk 65 % av norsk bistand til land i konflikt, mot under 25 % i 2013.[1] 

Komplekst utviklingssamarbeid  

Utviklingssamarbeid i sårbare statar er komplekst, og mange omsyn kan påverke samarbeidet. Vi som gjevarar må være kunnskapsrike. Vi må forstå dei ulike aktørane nasjonalt og lokalt, og ikkje minst korleis støtta kan påverke maktbalansane.  

Vi må ha realistiske mål. Vi må sjå kva vi kan oppnå på kortare og lengre sikt. Vi må vere budde på og godta at arbeidet må vere langsiktig.  

Samstundes må støtta kunne endrast når situasjonen endrar seg. Og vi må ha høgare toleranse for risiko. Støtta må vere konfliktsensitiv, det vil seie ikkje berre unngå å skape konflikt, men kunne påverke stabiliteten lokalt eller nasjonalt.  

Støtta må også ha lokalt eigarskap, og vere bygd på ei forståing av skiftande politisk vilje, og at lokale styresmakter i nokre tilfelle kan ha andre hovudinteresser enn utviklingssamarbeid.   

Humanitær innsats i komplekse kriser har ofte vore langvarig, sjølv om intensjonen var kortvarig. Når humanitær innsats og langsiktig bistand blir kopla saman blir samfunnet mindre sårbart. Innsats i sårbare statar treng ei langsiktig tilnærming.  

Internasjonale organisasjonar 

Mykje av støtta til sårbare statar går gjennom dei multilaterale organisasjonane FN og Den afrikanske unionen (AU), Verdsbanken og utviklingsbankane.  

I tillegg støttar Noreg mange fond som er retta mot fred, trygging og stabilisering. Noreg støttar kvinner, fred og tryggleik gjennom UN Women og INGOS.   

Støtta går også til ulike program for gjenoppbygging av kapasitet til nasjonale og lokale styresmakter innan helse, utdanning, skatteinnkrevjing, finansinstitusjonar og nasjonale departement og direktorat.   

Geografisk spenner dette arbeidet frå Balkan til Afrika sør for Sahara, frå Haiti til Afghanistan.    

Lenker 

Kontakt    

Seksjon for førebygging og stabilisering. 

Publisert 20.09.2024
Publisert 20.09.2024
Oppdatert 06.03.2026
Oppdatert 06.03.2026