Evalueringsprogram 2007-2009

Om publikasjonen

Utgitt:August 2007
Type:Evalueringer
Antall sider:8
ISBN:978-82-7548-218-9

NB! Publikasjonen er KUN tilgjengelig elektronisk og kan ikke bestilles på papir

Evalueringsprogrammet for 2007 - 2009 er nå klart. Programmet omfattar evalueringstiltak som er i gang i 2007, planar for 2008 og forslag som vil bli vurderte for oppstart i 2009.

Programmet tar utgangspunkt i mandatets pålegg om å evaluere heile 03-området over tid og å ta omsyn til nye samarbeidsformer internasjonalt. Evalueringsavdelinga har lagt vekt på å vere relevante i høve til framtidige satsingsområde og prøver å fokusere på resultat. Stat-til-statsamarbeidet vil stå sentralt. I 2008 vil det også blir lagt vekt på bistand gjennom frivillige organisasjonar, fredsretta innsats og overgangsstønad.

Programmet inneheld mange evalueringar som bør bli spennande. Landevalueringa av Zambia vil prøve å forklare utviklinga og resultat basert på maktanalyse. Dei to landevalueringane av innsatsen gjennom norske organisasjonar i Guatemala og Uganda kan bli særlig interessante.Uganda-studien vil vi prøve å få lokale eller regionale krefter til å gjennomføre. Landstudien av lang tids innsats i Vest-Balkan, evalueringa av GAP-løyvinga (overgangsbistanden) og fredsinnsatsen på Haiti kan føre til mykje diskusjon. Då er berre nokre frå av evalueringsprosjekta nemnde.""