Avdeling for velferd og menneskerettar

Avdelinga jobbar med global helse, utdanning, høgare utdanning og forskning, likestilling og menneskerettar.

Avdelinga har særskilt ansvar for desse berekraftsmåla:
3) God helse og livskvalitet
4) God utdanning
5) Likestilling mellom kjønna
6) Reint vatn og gode sanitærforhold

Kontakt avdelinga

Ansatte

Seksjon for menneskerettar

Seksjon for menneskerettar er ansvarleg for arbeidet med menneskerettar, rettane til barn, inkludering av personar med funksjonsnedsetjing, kamp mot moderne slaveri, rettane til trus- og livssynsminoritetar, ytringsfridom og frie medium, demokrati og demokratisering. Seksjonen forvaltar kjernestøtta til og samarbeidsavtalen med Redd Barna.

Seksjon for likestilling

Seksjon for likestilling jobbar med oppfølging av handlingsplanen for rettane til kvinner og likestilling i utanriks- og utviklingspolitikken, inkludert seksuell og reproduktiv helse og rettar, og strategi mot skadelege skikkar. Seksjonen jobbar for å nå berekraftsmål 5 – likestilling mellom kjønna.

Seksjon for høgare utdanning og forskning

Seksjon jobbar med støtte til høgare utdanning og forsking, inkludert NORHED, NORPART, rettane til studentar og akademikarar (SAIH) og støtte til forskingsinstitusjonar i utviklingsland. Seksjonen jobbar for å nå berekraftsmål 4 – god utdanning.

Seksjon for utdanning

Seksjonen jobbar med støtte til grunnutdanning og yrkesutdanning og samarbeid med partnarar multilateralt, i det sivile samfunnet og i næringslivet. Seksjonen jobbar for å nå berekraftsmål 4 – god utdanning.

Seksjon for global helse

Seksjonen jobbar med helsesystem, mødre- og barnehelse, covid-19-respons, ikkje-smittsame sjukdommar og samarbeid med partnarar multilateralt, i det sivile samfunnet og i næringslivet. Seksjonen jobbar for å nå berekraftsmål 3 – god helse og livskvalitet.