Avdeling for klima og miljø

Avdelinga har ansvar for bistand og rådgiving innanfor mattryggleik, landbruk, grøn omstilling, livet i havet, regnskog og miljø.

Avdelinga har særskilt ansvar for desse berekraftsmåla:
2) Utrydde svolt
7) Rein energi til alle
11) Berekraftige byar og lokalsamfunn
12) Ansvarleg forbruk og produksjon
13) Stoppe klimaendringane
14) Livet i havet
15) Livet på land

Kontakt avdelinga

Ansatte

Seksjon for natur og klima

Seksjonen jobbar med klima, utsleppsreduksjon, klimatilpassing og biologisk mangfald. Seksjonen jobbar for å nå berekraftsmål 13) Stoppe klimaendringane og 15) Livet på land.

Seksjon for hav

Seksjonen jobbar med marin forsøpling, fisk, hav, blå økonomi og samarbeid med sivilt samfunn. Seksjonen jobbar for å nå berekraftsmål 14 – livet i havet.

Seksjon for skog

Seksjonen jobbar med oppfølging av det norske klima- og skoginitiativet (KOS). Seksjonen jobbar for å nå berekraftsmål 13) Stoppe klimaendringane og 15) Livet på land.

Seksjon for energi

Seksjonen jobbar med rein energi og forsvarleg forvaltning av petroleumsressursar. Seksjonen jobbar for å nå berekraftsmål 7 – rein energi til alle.

Seksjon for mat

Seksjonen jobbar med berekraftige matsystem, landbruk, internasjonal landbruksforsking, genetisk mangfald og frøtryggleik. Seksjonen jobbar også med ernæring og berekraftig kosthald, og oppfølging av avtalar med sivilsamfunnsorganisasjonar og næringsliv. Seksjonen jobbar for å nå berekraftsmål 2 – utrydde svolt.