Kampen mot fattigdom held fram for fullt
Verda har dei siste tiåra gjort enorme framsteg i kampen mot ekstrem fattigdom, men vi er enno ikkje i mål.
20 kroner. Det er dagsbudsjettet ditt, som skal strekkje til frukost, lunsj, middag, rekningar, klede, transport – alt. I den grad du planlegg dei neste vekene og månadene, er spørsmålet korleis få mat til deg og familien.
Det er situasjonen for ca. 700 millionar menneske, til samanlikning ni gonger populasjonen i Tyskland, Sentral-Europas mest folkerike land. FN kallar denne livssituasjonen for ekstrem fattigdom.
Sør-Asia og det sørlege Afrika har flest fattige
Ekstrem fattigdom er mest utbreidd i Sør-Asia og Afrika sør for Sahara, ifølgje Verdsbanken. Fleire land i denne regionen er lågt utvikla og slit med interne konfliktar og svake statlege institusjonar. Dermed er fattigdomen òg vanskeleg å kome til livs.
Nøkkelen ligg i fordeling
For å utrydde fattigdomen i verda må økonomisk vekst fordelast jamnare, både mellom land og blant innbyggjarane internt i land. I tillegg må fleire inkluderast i arbeidslivet. Alle land må gje innbyggjarane sine like moglegheiter og investere i sosiale velferdsordningar som arbeidsløysetrygd, sjukepengar – og utdanning.
Positiv utvikling
Heldigvis går utviklinga i retning av færre fattige. I 1990 levde meir enn ein tredel av befolkninga i verda i ekstrem fattigdom. Sidan den gong er delen menneske i verda som lever under fattigdomsgrensa på 1,90 dollar dagen, kraftig redusert. Men verda er ikkje i rute for å nå FN sine mål om å utrydde all ekstrem fattigdom innan 2030.
Likevel er det verd å merke seg at det å setje konkrete og ambisiøse mål med ein definert tidsfrist har vist seg å gje resultat.
I år 2000 skreiv FN-land under på eit mål om å halvere ekstrem fattigdom i verda, tusenårsmål 1. Dette målet vart oppnådd. Ikkje nok med det: Målet vart nådd fem år før tida, mykje takk vere Kina. I 1981 var delen ekstremt fattige i Kina på 88 prosent. I 2012 var han på under éin prosent; 88 millionar menneske hadde arbeidd seg ut av ekstrem fattigdom.
Bistand og pengegåver frå utlandet er ikkje nødvendigvis nøkkelen til å kjempe mot fattigdom i eit land. Det er mykje viktigare at landet sjølv aukar eigne inntekter og fordeler dei jamt utover befolkninga.