Når nasjonale utdanningsløp skal byggjast og forbetrast, kan KI sørgje for at læreplanar, læringsmateriale og læringsverktøy for lærarar kan koordinerast og gjerast tilgjengeleg for ulike kontekstar, språk og regionar i eit land.
Kronikk: 272 millionar gode grunnar til å satse på KI i utdanning

Brukertesting av det Globale Digitale Bibliotek på to barneskoler på landsbygden i Lao Cai, Bac Ha, Vietnam.
272 millionar born står utanfor skulen. At bistandspengar vert nytta til utviklinga av KI er avgjerande for å nå berekraftsmålet for utdanning, skriver Tor-Øyvind Rand.
Denne kronikken blei først publisert i Utdanningsnytt 5. september 2025.
Tor-Øyvind Rand er seniorrådgjevar i seksjonen for utdanning og forsking i Norad.
Denne veka arrangerer UNESCO «Digital Learning Week» i Paris for tredje gong, der menneskjer frå heile verda samlast for å snakke om digital læring og KI si rolle i utdanning. Konferansen har sidan 2023 vore drivande i å dele nasjonale erfaringar, samt løfte fram ny og aktuell bruk av KI innanfor utdanningsfeltet. Sjølv om delar av konferansen løftar fram ny teknologi med ein viss «wow-faktor», er konferansen aller viktigast når den fokuserer på dei «keisame» bidraga som KI gjev til utdanning.
Med overskrifter som «Frå visjon til handling: å byggje nasjonale KI-strategiar for utdanning» bidreg konferansen til å bytte ut wow-faktoren med eit systemfokus som er mykje viktigare enn fargerike og høgteknologiske appar.
Bistand og KI – ein soleklar match
Dei siste åra har diskusjonar om utdanning i Noreg handla mykje å kutte ned tida på skjerm. Mange har gått langt i å kritisere skjermbruken hjå dei yngste elevane, og fleire tiltak for å kutte ned på dette er innført. Ein annan debatt har problematisert at KI gjer det lettare for elevar å jukse. Med slike debattar ferskt i minnet er det fort gjort å tenke at bistand til utdanning i låginntektsland ikkje bør nyttast på KI. Når KI fører til slike problem i rike, velfungerande Noreg, kva problem vil det vel ikkje føre med seg i fattigare og mindre velfungerande land?
Det er her det er viktig å dra eit skilje mellom «skjerm, app og jukse»-KI, og den forma for KI som kan vere med på å forbetre og styrke utdanning. Som kan fremje utdanning på globalt nivå, på ein måte som gjer at det er få område som i større grad fortenr støtte gjennom utdanningsbistand enn nettopp KI.
Styrka system vil styrke eleven
Norad si portefølje for utdanning prioriterer systemstyrkande tiltak. Utdanning er ein menneskerett, og det er nasjonale myndigheiter som er ansvarlege for at borna i deira nasjon får det dei har rett på. Den mest berekraftige og effektive måten for Noreg å støtte utdanning på, er difor å støtte nasjonale myndigheiter slik at dei får på plass sterke utdanningssystem. System som sikrar eit heilskapleg utdanningsløp som ikkje vert undergrava av parallelle løp frå andre aktørar. System som sikrar høg kvalitet på mannlege og kvinnelege lærarar i heile landet og legg til rette for gode læreplanar som kan tilpassast elevar, regionar og språk.
Det er her vi ser at KI kan vere den keisame assistenten.

Gjennom små, smarte grep kan læreplanar som er utvikla for elevar i Nigeria med igbo som morsmål, lett tilpassast elevar som har joruba, kanuri eller for den del engelsk som morsmål. Lærarar kan enkelt få tilgang på læringsopplegg som er tilpassa 10 eller 100 elevar, med eller utan læringsvanskar. KI kan bidra til at alle skular og lærarar følgjer dei nasjonale læreplanane, følgje utviklinga til elevane og sørge for at alle elevar har fått høve til å tileigne seg lik kompetanse på grunnskulen før dei skal vidare i utdanningssystemet.
Det tek kanskje litt tid å få KI integrert i systemet, men når det først er det, kan KI «ta over» planlegging og utvikling av lærematerial frå einskilde lærarar. Å frigje tid og ressursar for lærarar er særskilt viktig i land med mangel på kvalifiserte lærarar. I ei verd som manglar 44 millionar lærarar, må vi både fokusere på å utdanne fleire, samt legge til rette for at dei vi har kan undervise på ein effektiv måte. Ved hjelp av KI kan lærarar fokusere på betre oppfølginga av elevar, og sørge for at elevane har trygge, god rammer.
Learning Passport – eit av mange døme
Vi ser at bistand til utdanning funkar. Som nemnt er det 272 millionar born som står utanfor skulen i 2025, men i år 2000 var talet 390 millionar. Det tyder ikkje at vi skal senke skuldrane, men at vi må la oss motivere til å halde fram med å støtte utviklinga.
Noreg var den største gjevaren til UNICEF sitt utdanningsfond i 2024. UNICEF har takka for støtta ved å sørge for at 26 millionar fleire born fekk tilgang til utdanning i året som var. Dette gjer dei på mange måtar, og ei viktig nyvinning dei siste åra er «The Learning Passport,» ei digital løysing som kan gje kvalitetsutdanning til born og unge i konflikt og kriser. Dette er eit typisk døme på bruk av digitale løysingar for å «erstatte» skule, men UNICEF tenker meir systematisk.
Learning Passport utviklast i samråd med nasjonale myndigheiter der det implementerast, og har i fleire land blitt integrert som ein del av den nasjonale læreplanen. På den måten er det ikkje berre er eit verktøy for born utanfor skulen, men òg for born på skulen. Lærarane får god opplæring i verktøyet slik at dei raskt kan ta imot og integrere born som har vore utanfor klasserommet lenge, men som har heldt fram med utdanninga si gjennom dei digitale verktøya.
På denne måten unngår ein at borna ramlar ut av ordinær undervisning. Passet er etablert i 47 land og har over 10 millionar brukarar, noko som òg tyder at born som av ulike grunnar må krysse landegrenser kan halde fram med å følgje sine nasjonale læringsplanar, samstundes som dei enklare kan inkluderast i undervisinga i eit nytt land.
Learning Passport er kanskje ein skjerm og ein app, men det er ikkje det som gjer at det funkar. Det er ein integrert del av eit nasjonalt system, det sørgjer for at elevar får same læreplan, same læringsmål og same moglegheiter uavhengig av situasjonen dei står i.
KI: Keisamt Innovativt
Potensialet som syner seg i samtalene i Paris bidreg til at eventuelle skremmande tankar om ein hurtig utviklande KI hamnar i skuggen av tankar om korleis KI kan bidra til eit heilskapleg og sterkt utdanningssystem. At KI kan bidra til «ei styrking av grunnleggjande utdanningssystem» er kanskje ikkje ei setning som osar av «wow»-faktor, men det er liten tvil om at KI og digital læring vil vere avgjerande for at vi kan nå berekraftsmålet om inkluderande, rettferdig og god utdanning til alle.
Vi må berre tole at vi gjer det på ein litt «keisam» måte.