Dette støttar den norske utdannings- og forskingsbistanden

Utdanning er ein grunnleggjande menneskerett og ein føresetnad for berekraftig utvikling og inkluderande økonomisk vekst. Dette er fordi utdanning gjer det mogleg for enkeltmenneske å delta aktivt i samfunns- og arbeidsliv. Forsking gjer det mogleg å utvikle løysingar på samfunnsutfordringar og for at land skal kunne drive fram si eiga utvikling.
Kva går norsk bistand til?
Målet med bistanden på utdannings- og forskingsfeltet er å sikre at alle barn får kvalitetsutdanning og at høgare utdanning og forsking bidrar til samfunnsutvikling. Alle innsatsområde har fokus på likestilling og inkludering fordi jenter og unge med funksjonsnedsetting ofte er underrepresentert i utdanning og forsking.
Norsk bistand til utdanning skal bidra til å sikre alle grunnleggjande ferdigheiter gjennom å styrkje låg- og mellominntektsland sine eigne utdanningssystem. Dette inneber å utvikle kvalifiserte lærarar og å legge til rette for relevant innhald som gjer barn og unge rusta for framtida. Noreg har óg eit særskild fokus på seksualundervisning. I krise- og konfliktsituasjonar bidreg norsk støtte til å sikre at barn har rett til utdanning.
Gjennom støtte til betre fag- og yrkesopplæring bidreg Noreg til at fleire unge får kompetanse og kan gå inn i jobbane som trengst for ein berekraftig og produktiv økonomi.
Innanfor høgare utdanning går norske midlar mellom anna til Noregs program for kapasitetsutvikling for universitet- og høgskulesektoren (NORHED). Programmet har som formål å auke kvaliteten på høgare utdanning og forsking i låg- og mellominntektsland gjennom samarbeid med norske institusjonar.
Elles går norsk støtte på forskingsfeltet til å styrkje forskingsøkosystemet i Afrika sør for Sahara. Til dømes støttast forvaltningssystem, strategiar, utlysingar, publisering, akademisk fridom og unge lovande forskarar.
Kven samarbeider Norad med?
Norad sine avtaler på utdanningsområdet er organisert gjennom to porteføljar. I porteføljen for utdanning er det både multilaterale organisasjonar som UNESCO, UNICEF, Global Partnership for Education og Education Cannot Wait, og sivilsamfunnsorganisasjonar som Redd Barna og Right to Play.
I porteføljen for høgare utdanning og forsking er det primært universitet, høgskular, forskingsråd og forskingsinstitutt som er representert, men òg sivilsamfunnsorganisasjonar som SAIH og AJOL.
Les meir om korleis Norad arbeider med porteføljestyring.
Geografisk går støtta hovudsakleg til program i Afrika sør for Sahara, men ho omfattar òg andre låginntektsland. Programmet for høgare utdanning har eit særleg fokus på land som Uganda, Tanzania, Etiopia, Malawi, Sør-Sudan, Mosambik og Ghana.