Nexus og heilskapleg innsats

I norsk og i internasjonalt utviklingssamarbeid snakkar vi gjerne om tre hovudkategoriar for innsats:

1. Fredsinnsats  

  • Førebygge at konfliktar bryt ut  
  • Hjelpe samfunn ut av konflikt

2. Langsiktig utviklingssamarbeid  

  • Ta tak i dei grunnleggande årsakene til det sårbare 
  • Legge grunnlag for berekraftig utvikling  

3. Humanitær naudhjelp  

  • Redde liv  
  • Lindre naud  
  • Ta vare på menneskeverdet i kriser  

Desse områda har over tid utvikla kvar sine måtar å arbeide på.  

Samhandling for betre resultat 

Erfaringane frå langvarige komplekse kriser, som Somalia, Afghanistan og Sør-Sudan viser at kortsiktig tenking og dårleg samhandling er dyrt og har mange negative konsekvensar.  

Noreg har forplikta seg til å jobbe meir heilskapeleg på tvers dei tre hovudkategoriane. Internasjonalt er dette kalla HDP Nexus (Humanitarian, Development and Peace).  

Nexus, eller heilskapleg innsats, betyr at humanitær naudhjelp, langsiktig utviklingssamarbeid og fredsinnsats må virke effektivt saman for å møte grunnleggande behov både på kort og lang sikt.  

Det betyr å møte umiddelbare behov og samtidig arbeide med årsakene til kriser og konflikt gjennom beredskap for å gjere folk motstandsdyktige mot nye kriser.  

Klimatilpassing er eit godt døme på heilskapleg innsats. Mange land i langvarige humanitære kriser er særleg sårbare for klimaendringane. Arbeidet må rettast både mot akutte behov og langsiktig tilpassing.    

Langsiktige perspektiv 

For å få til meir heilskap må  

  • Finansiering, planlegging og utforming justerast  
  • Nasjonale og internasjonale aktørar må koordinere seg betre 
  • Nasjonale og lokale aktørar og styresmakter må vere tett involverte  

Alle former for innsats må ha eit langsiktig perspektiv kor ein alltid prøver å førebygge kriser heller enn å reparere.  

Det er svært viktig å vere konfliktsensitiv og fleksibel i møte med dei komplekse krisene. Det vil seie å sørge for å ikkje bli med på å forsterke konflikta, men forstå konteksten og tilpasse bistanden. Aktørar innanfor dei ulike områda må jobbe for felles mål.  

Føresetnaden er at finansieringa er fleksibel og langsiktig slik at dei ulike aktørane kan justere og komplementere kvarandre raskt dersom forholda endrar seg.   

Ulike grunnsyn 

Sidan internasjonal bistand lenge har operert i siloar med ulike forvaltningssystem og finansiering, er det vanskeleg å få til heilskapleg innsats i praksis.  

I tillegg står ulike grunnsyn mot kvarandre. 

På den eine sida humanitær innsats: Hjelpa skal vere nøytral.  
Dette er bygd på humanitærretten og det grunnleggande prinsippet for Raudekross-rørsla.  

På den andre sida utviklingssamarbeid og fredsinnsats som legg vekt på samarbeid med lokale aktørar, også politiske.  

Framover handlar det om å finne gode løysingar for å ta omsyn til eigenarten i desse arbeidsområda, samstundes som ein søker å utfylle kvarandre på tvers. 

Sterkare prioritering av heilskapleg innsats 

  1. Verkemiddel og forvaltning av humanitær og langsiktig bistand er samla i Norad.  Det gir større høve til koordinerte investeringar.  
  2. Gjennom satsing på strategiske partnerskap og plusspartnerskap er fleksibiliteten både i humanitær og langsiktig bistand auka.
  3. Norad har utvikla prinsipp og tiltak for lokalt leia utvikling  
  4. Sterkare kompetanse og rådgiving på førebygging 
  5. Norad legg meir vekt på kunnskap og læring saman med partnarane våre 

Partnarane skal oppleve  

  • Færre byråkratiske hinder for å få til samla innsats gjennom større fleksibilitet  
  • Lange perspektiv i finansiering  
  • Auka finansiering av utvikling og førebygging, særleg i land med langvarige kriser  

Kontakt 

Avdeling for humanitær og heilskapleg innsats. 

 

 

Publisert 10.07.2024
Publisert 10.07.2024
Oppdatert 05.03.2026
Oppdatert 05.03.2026