Førebygging
For å redusere fattigdom og konflikt trengst førebygging. Førebygging handlar ikkje berre om å redusere liding i sårbare samfunn, men effektiviserer bistanden og sikrar at ressurane blir retta mot det som faktisk driv fram fattigdom og konflikt.
Å hindre noko i å skje
Førebygging - det å hindre noko i å skje, hindre at fattigdom aukar, hindre at konflikt bryt ut eller bryt ut på nytt - er komplekst.
Det kan gjerast på fleire vis ved å auke motstandskrafta i lokalsamfunnet både mot konflikt og fattigdom gjennom til dømes:
- Fred og fredsbygging
- Helse
- Utdanning
- Meir inkluderande økonomi og samfunn
Slikt arbeid kallar vi strukturell førebygging. Det handlar om langsiktig utviklingsarbeid for å redusere risikoen for meir fattigdom og konflikt. Gjevarar, internasjonale- og sivile samfunnsorganisasjonar er einige om at førebygging er viktig.
Investere i førebygging
Førebygging reddar liv og sparer ressursar. I rapporten ‘States of Fragility 2016’ frå OECD heiter det at den offisielle utviklingsbistanden (ODA) ofte blir retta mot symptoma og ikkje dei faktiske drivarane og underliggande årsakene til det sårbare. OECD tilrår gjevarane å investere i førebygging.
Det er essensielt å investere i førebygging fordi ein raskare kan nå bærekraftsmåla, og forsikre motstandsdyktige lokalsamfunn tidligere. Sett frå gjevarane si side er det svært mykje å spare på å bygge i staden for å bygge opp igjen.
Rapporten ‘Pathways for Peace: Inclusive Approaches to Preventing Violent Conflict’ viser til at eit oppskalert system for førebygging kan spare mellom 5 – 70 billionar amerikanske dollar i året.
Internasjonalt samarbeid
Norad støttar norske og internasjonale organisasjonar som jobbar med førebygging. Det er særleg Utviklingsprogrammet til FN (UNDP), og State and Peacebuilding Fund (SPF) som blir forvalta av Verdsbanken, som arbeider med førebygging.
Norad gir faglege råd til Utanriksdepartementet og ambassadar.
Les meir:
Pathways for Peace: Inclusive Approaches to Preventing Violent Conflict (worldbank.org)
Kontakt