Evalueringsprogram 2011–2012
Se og last ned
Om publikasjonen
Utgitt: | Januar 2011 |
Type: | Evalueringer |
Antall sider: | 16 |
ISBN: | 978-82-7548-540-1 |
NB! Publikasjonen er KUN tilgjengelig elektronisk og kan ikke bestilles på papir
Verksemda til Evalueringsavdelinga er styrt av ein eigen instruks frå Utanriksdepartementet. Avdelinga er ansvarleg for å evaluere heile breidda i norsk utviklingssamarbeid. Programmet består av toårige rullerande planar som blir revidert ein gong i året. Avdelinga bestemmer kva som skal evaluerast ut frå styresmaktene sine kriteria, der det blir lagt vekt på at ein særleg skal evaluere tiltak som er vesentlege, særeigne eller fører med seg særleg risiko. Evalueringsavdelinga førebur og kvalitetssjekkar evalueringane og publiserer rapportane. Evalueringane blir gjorde av uavhengige konsulentar og forskarar som blir valde etter internasjonal anbodsutlysing.