Evaluering av norsk utviklingssamarbeid 2009
Se og last ned
Om publikasjonen
Utgitt: | Mai 2010 |
Type: | Evalueringer |
Utført av: | Norad |
Tema: | Helse, Humanitær bistand, Utdanning og forskning, Konflikt, fred og sikkerhet, Kultur og sport |
Antall sider: | 44 |
ISBN: | 978-82-7548-491-6 |
NB! Publikasjonen er KUN tilgjengelig elektronisk og kan ikke bestilles på papir
Vi er blitt betre til å få fram resultat, men det er langt fram
Ei rad rapportar i 2009 kan dokumentere konkrete resultat for fattige menneske, betre enn det er gjort i tidlegare evalueringar. Det har vore ein klar framgang for skoledekninga i Nepal, frå 86 prosent av barna i 2003 til 92 prosent i 2008, ein auke som blir endå større når ein veit at barnetalet totalt har auka. I det vanskelege Nord-Uganda har dei norske frivillige organisasjonane mellom anna sørgja for utdanning og husly for interne flyktningar, skapt inntekter gjennom al av oksar og geiter, auka medvitet om barns rettar og tilbydd energisparande omnar som minskar arbeidsbyrde og -risiko for kvinner og barn. Norsk fredsinnsats i Haiti bidrog til å redusere spenningar, og Norsk Folkehjelp har i stor grad nådd sine mål når det gjeld å fjerne landminer. Norsk bistand til næringsutvikling har vore med å skape 1500 arbeidsplassar på Sri Lanka.
Men framleis er det langt att før norske bistandsaktørar blir gode nok til å dokumentere resultat, anten resultata er gode eller ikkje så gode. Fleire rapportar peikar på dette. Norske organisasjonar er for svake på å gjere greie for måloppnåing, seier rapporten om Nord-Uganda. Den norske innsatsen på Haiti manglar system for oppfølging og sikring av resultat, og viser at det er behov for eit system for å lære og dele kunnskap. Andre rapportar frå 2009 og tidlegare viser det same. Vi held ikkje godt nok oppsyn med nødhjelpa, seier rapporten om tilstanden i internasjonal humanitær bistand.