Evaluering av norsk utviklingssamarbeid
Se og last ned
Om publikasjonen
Utgitt: | Mars 2007 |
Type: | Evalueringer |
Antall sider: | 27 |
ISBN: | 978-82-7548-187-8 |
NB! Publikasjonen er KUN tilgjengelig elektronisk og kan ikke bestilles på papir
Det norske utviklingshjelpa har mange område å bli betre på. Det syner siste års evaluering av arbeidet. Integrering av likestilling, fokus på dei lokale kreftene og bygging av institusjonar og kompetanse er nokre av dei.
Likestilling har ikkje blitt godt nok integrert i det norske bistandsarbeidet, syner Norad sin årsrapport over evalueringane av norsk utviklingssamarbeid i 2006. Ønsket om å få likestilling til å bli eit tema som går på tvers i bistanden har så langt slått feil.
Eit anna område bistanden kan bli betre på, er samarbeid og opplæring. I dag er det mykje fagleg samarbeid og opplæring mellom departement og organisasjonar i Noreg, og tilsvarande i fattige land. Evalueringa av dette samarbeidet syner at det så langt ser ut til å ha vore meir til nytte for personane som har delteke i utvekslinga, enn sjølve institusjonen. På dette område treng ein finne ei betre form for samarbeid og opplæring.
Når det gjeld nødhjelp, har det vore lett å oversjå dei nasjonale og lokale kreftene. Det synte evalueringa av Tsunami-bistanden sist år, og det same har kome fram i tidligare evalueringar.
Av dei gode erfaringane rapporten trekk fram, kan ein nemne den norske støtta som går direkte til statsbudsjetta i samarbeidslanda. Denne har vist seg å vere effektiv for den offentlege forvaltinga i utviklingsland. Slik bistand gir betre oversikt og ansvar for bruken av midlane hos både givar og mottakar.
Årsrapporten er ei samanfatning av alle evalueringane Norad har vore med på i fjor gjennom eksterne fagmiljø.