Evaluation of the Effects of Using M-621 Military Cargo Trucks in Humanitarian Transport Operations
Se og last ned
Om publikasjonen
Utgitt: | Desember 2007 |
Type: | Evalueringsrapporter, Evalueringer |
Utført av: | Björn Ternström - team leader, Cécile Collin, Turid Laegreid, professor Nkandu Luo, Jacqueline Nyokabi Muchori, Aksel Steen Nilsen, Virenza Alfath Sasmitawidjaja, Andreas Wohlert, John Cosgrave - quality control |
Antall sider: | 94 |
Serienummer: | 3/2007 |
ISBN: | 978-82-7548-247-1 |
NB! Publikasjonen er KUN tilgjengelig elektronisk og kan ikke bestilles på papir
På oppdrag frå evalueringsavdelinga i Norad har Channel Research i samarbeid med Nordic Consulting Group gjennomført ei evaluering av bruken av tidlegare militære lastebilar (M-621) i humanitær bistand. Sidan 2002 har meir enn 500 av desse lastebilane blitt brukt til humanitær transport i 12 land , finansiert hovudsaklig av det norske Utanriksdepartementet. Norges Røde Kors har hatt eit hovudansvar for tiltaket og Verdens Matvareprogram har vore ein viktig partnar i felten. Føremålet med evalueringa har vore å dokumentere resultat og å komme fram til lærdom som kan brukast til å betre humanitære transport operasjonar i framtida.
Rapporten slår fast at dei tidlegare militære lastebilane har berga liv og gitt humanitært vern der anna transport ikkje har vore mogeleg eller der alternative kostnader ikkje kunne bli dekka. Evalueringsteamet peikar likevel på at effektiviteten og resultatoppnåinga har vorte hemma av mangel på strategi, planer og rapporteringsrutiner i Norges Røde Kors. Rapporten viser og at Utanriksdepartementet har hatt liten kapasitet til å følgje opp resultat og verknader av dei norske bistandsmidlane.