Årsrapport 2007: Evaluering av norsk utviklingssamarbeid
Se og last ned
Om publikasjonen
Utgitt: | Mai 2007 |
Type: | Evalueringer |
Utført av: | Norad |
Bestilt av: | Norad |
Antall sider: | 24 |
ISBN: | 978-82-7548-295-0 |
NB! Publikasjonen er KUN tilgjengelig elektronisk og kan ikke bestilles på papir
"Kontinuerlig tøff evaluering" frå ei "sterk uavhengig evalueringsavdeling"
Dette er forventninga frå miljø- og utviklingsministeren til det evalueringsarbeidet som Norad gjer (Adresseavisa 31. januar 2008). I kraft av eit klart mandat har evalueringsavdelinga vide fullmakter til å få gjennomført uavhengige og kritiske evalueringar av korleis det norske utviklingsbudsjettet blir brukt. Det gjeld om gjennomføringsansvaret ligg
i Utanriksdepartementet, i Norad, i det multilaterale systemet eller hos norske organisasjonar.
Vi går systematisk til verks for å dekke alle viktige delar av utviklingsbudsjettet - dei såkalla 03-midlane. Vi har i 2007 gjennomført sektorevaluering av langsiktig bistand på petroleumsområdet og for vasskraftutbygging, og i 2008 vil vi evaluere arbeidet på fiskerisektoren og bistand til å ta vare på kulturarven. Vi gjorde i 2007 den første landevalueringa på lang tid av norsk samla innsats i eitt land gjennom Zambiastudien. I 2008 tar vi fatt på bistanden til Vest-Balkan, altså dei landa som tidlegare utgjorde Jugoslavia. Vi systematiserer evaluering av norske frivillige organisasjonars innsats. I 2007 har vi sett på Guatemala og i 2008 tar vi for oss Uganda. Hovudvekta skal liggje på resultat.
I året som gjekk har vi også gjennomført to evalueringar av norsk humanitær bistand, den eine av bruken av militære lastebilar i nødhjelp og den andre av NOREPS - Norwegian Emergency Preparedness System. I 2008 og 2009 vil vi gå vidare med å evaluere fredsinnsats med utgangspunkt i den guiden for evaluering av fredsbygging og konfliktforebygging som evalueringsavdelinga har vore med og laga for OECD/DAC. Evaluering av bistand for å fremje menneskerettane står for tur.
Greier vi så å leve opp til statsrådens forventningar? Alle som har stelt med evaluering veit kor vanskeleg det er å gi klare svar. Vi har utfordringar på nær sagt alle hald. Noko av det er reint metodisk: Datagrunnlaget er som regel usikkert.
Ved harmonisering av bistand med andre givarar blir det vanskeleg, ofte umogleg, å vurdere effekten av norske midlar og norsk innsats. Men også når det gjeld uavhengighet og roller kan vi møte vanskar: Dei som kan mest om bistanden på eit område er ofte inhabile og kan ikkje delta i evalueringane. Det gjer at konsulentane må bruke mykje tid til å setje seg inn i kva dei skal evaluere. At utanlandske firma ofte får oppdraga er med på styrkje den uavhengige vurderinga, men skaper også avstand. Ein annan faktor er at konsulentbransjen av og til blir skulda for å dempe sin kritikk av omsyn til framtidige oppdrag. Vi trur ikkje det er slik, men oppfatninga kan vere der. Kompetansen hos oppdragstakarane kan også variere sterkt. Vårt svar på dette er å vere klare på roller og stille krav til kvalitet. Vi er strenge på habilitet og vi ser det som ei oppgåve både å oppmode til kritisk uavhengighet og å verne konsulenten mot det som lett kan oppfattast som press frå dei som blir evaluerte. Vi legg aukande vekt på å få dokumentert resultat av bistanden. Det meiner vi at vi langt på veg har lykkast med, slik som i Zambia-studien, i Guatemalaevalueringa og i evalueringa av kraftbistanden. Men vi vil framover også sjå nærare på bruken av pengane og på kostnadseffektivitet enn det har klart å få til hittil.
Zambia-evalueringa er eit eksempel på ei "tøff" evaluering, der grunnleggjande spørsmål vart stilte, og der ein fekk fram gode resultat når det gjeld institusjonsbygging samtidig som ein fann grunn til å stille spørsmål ved om bistanden er godt nok fattigdomsorientert. Det kan bli fleire slike evalueringsprosjekt, der vi også brukar andre tilnærmingar til evaluering enn vi tradisjonelt har gjort.
Asbjørn Eidhammer,
Avdelingsdirektør for evaluering i Norad
Se nyhetssak om rapporten