Takk til det norske folk. De har vore vener med oss i mange år. No ber vi om fleksible fond og direkte støtte slik at folk får hjelp. Bruk makta dykkar til å stoppe denne krigen.
Raftoprisvinnarane frå Sudan: Så lenge vi lever trur vi på demokrati

Fordrivne menneske i Sudan etter at den neststørste byen El-Fasher fall i hendene til Rapid Support Forces (RSF) tidleg i november.
I det krigsherja Sudan gjer dei lokale nabolagskomiteane Emergency Response Rooms (ERR) ein uvurderleg innsats for å hjelpe medmenneska sine med vatn, mat og helsehjelp. ERR gir håp når verda er på det mørkaste. Livet er katastrofalt for millionar i Sudan.
– Folk heime svelt. Folk kokar gras og strør salt på. Kokar gras igjen og strør på salt. Folk et lauv frå trea for å stanse den verste svolten.

Coman frå ERR måtte ta ein pause etter å ha skildra dei grufulle overgrepa som sivilbefolkninga, særleg kvinner og barn, blir utsette for.
Det er stille i møterommet i Norad denne novemberdagen. Representantar frå ERR møter folk frå ulike organisasjonar og norske styresmakter som arbeider med Sudan. ERR har vunne Raftoprisen. Dei fortel om lidingar det er vanskeleg å ta inn over seg. Også for folk som har arbeidd med humanitære kriser og naud i årevis. Samtidig snakkar folka frå ERR om samhald og håp.
– Eg får spørsmålet: Har du håp? Før eg kom til Noreg var det vanskeleg å svare på dette spørsmålet. Håp? No når eg ser kor mange som bryr seg, når verda opnar augene fordi vi har fått denne prisen. Javisst, svaret er ja. Eg har håp, seier Coman i ERR.

Over halvparten av alle i Sudan lid av sterk matmangel.
ERR er eit grasrotnettverk som blei danna etter at krigen i Sudan braut ut i 2023. Tusenvis av frivillige samarbeider i sjølvhjelpsgrupper for å hjelpe menneske med akutte behov samtidig som dei sjølv er utsette for den største risiko: Å mista sitt eige liv.
– Vi var frivillige også før krigen. Vi er svært demokratiske og arbeider målretta for endring. Så lenge vi lever trur vi på demokratiet. Vi har mista mange. Det er slett ikkje lett. Men vi er modige og tør å arbeida for det vi trur på, held han fram.
Matmangel og menneskeverd
I eit land som opplever naud og elende som det er vanskeleg å fatte, reddar ERR liv og står opp for menneskeverdet. ERR bidrar med helsehjelp, mat og vatn, og dei følger opp offer for seksualisert vald. Dei er til stades i heile Sudan, på tvers av konfliktlinjene.
– ERR er sjølve biletet på at menneske er sterkare saman når kriser råkar på det mest brutale vis. Dei set sine eigne liv i fare for å kjempe for menneskerett nummer 1 som er retten til liv, seier Erik Abild, avdelingsdirektør for humanitær og heilskapleg innsats i Norad.

Coman frå ERR og Erik Abild, avdelingsdirektør for humanitær og heilskapleg innsats i Norad.
For at hjelpa skal nå ut er det viktig med lokalt leiarskap. ERR er til stades og gjer alt dei kan for å gi hjelp til dei som treng det aller mest. Med sitt enorme nettverk av frivillige når dei mange menneske.
– I Sudan deler vi. Vi har eit omgrep i kulturen vår som vi kallar Nafir. Det betyr at du deler om du har mykje eller om du har lite. Du deler teen din med andre. Har du lite mat, så deler du likevel det du har, forklarer Coman.
Sudan er rekna som den største humanitære krisa i verda. Over 30 millionar menneske treng akutt hjelp. Over halvparten av alle i landet lid av sterk matmangel.

13 millionar er flyktningar eller internt fordrivne, og omlag 640 000 menneske er råka av hungersnaud.
Kvinner og barn hardast ramma
Det er kvinnene som betaler den høgaste prisen. Barna også. Når kvinner er utsette for seksualisert vald treng dei oppfølging. I staden hender det at dei blir frysne ut av familiane sine fordi dei har gjort skam på dei. Barna også. Misbrukte barn blir kasta ut av heimane sine. Kvinner prøver å ta livet sitt etter å ha blitt valdtekne.
ERR tilbyr psykososial helsehjelp til desse utstøtte, dei gir mat, vatn og husly.
Norsk innsats
Noreg bidrar med yttarlegare 45 millionar kroner til Sudan denne hausten. Støtta er trappa opp etter dei voldsomme kampane i og rundt byen El Fasher. I Darfur er det massedrap og valdtekter i stor skala.

Emergency Response Rooms vann Raftoprisen 2025. Dei besøkte Norad for å fortelje om arbeidet sitt.
Av dei 45 millionane går 25 millionar til FNs landfond for Sudan, Sudan Humanitarian Fund. Dette er eit fond som er laga for at humanitære hjelpeorganisasjonar kan gi rask støtte til dei aller mest sårbare i krisa. Slik støttar Noreg ERR indirekte og bidrar inn i område kor internasjonale hjelpearbeidarar ikkje lenger er.
Norge har hatt eit høgt engasjement i Sudan heilt sidan 1990-talet, og prøver framleis å finne fredelege løysingar og bidra til demokratisk utvikling.

I år er den totale norske bistanden til Sudan omlag 385 millionar kroner. Dei største partnarane er FN-organisasjonane for matvareprogram og for humanitær hjelp, i tillegg til dei store norske humanitære organisasjonane.
Flyktninghjelpen, Kirkens Nødhjelp, Norsk Folkehjelp, Redd Barna, Norges Røde Kors og Caritas er dei største norske organisasjonane i Sudan. Dei jobbar alle med lokale partnarar og ulike grasrotinitiativ. Fleire av dei er sentrale i å støtte og utvikle ERR fleire stader i landet.
På grunn av krigen har mykje av statsapparatet falle saman. Sjukehus er øydelagde og skular er stengde. Millionar har flykta til naboland som Tsjad, Uganda og Egypt.
Dei internasjonale kutta i bistanden har fått svært alvorlege følger. USA held tilbake 1,3 milliardar kroner, og det gjer at 2,5 millionar menneske har mista støtta dei fekk.
Koss klarer ERR å finne krefter når det meste er så mørkt?
– Vi held motet oppe. Vi er motiverte fordi så lite er mogleg akkurat no. Vi investerer i ei politisk framtid. Vi har ikkje noko anna val.
Det sudanske grasrotnettverket Emergency Response Rooms (ERR) driv matutdeling, sørgjer for beskytting og fluktmoglegheiter for sivilbefolkninga i det krigsherja landet.