Gaza: – Vanskeleg å fatte kor skada barna er

Et stort feltsykehus med hvite telt og Røde Kors-symboler er satt opp nær kysten, med noen personer som går og bygninger i bakgrunnen.

– Eg har aldri sett så mange skadde menneske som i Gaza. Både før og etter våpenkvila. På berre ein månad såg eg fleire skadde og verre skadar enn eg har sett på mange år.

Dette seier Roger Alcock. Han er lege og arbeider for Norges Røde KorsHan har vore lege i 28 år, arbeidd i katastrofeområde dei siste 13 åra, i samband med jordskjelv og tyfonar, konflikt og smittsame sjukdomsutbrot. I oktober arbeidde han på feltsjukehuset til Røde Kors i Rafah. Han var der før og etter våpenkvila.  

En mann med grått hår og briller står foran en stor bygning i rød murstein.

Roger Alcock arbeider som senior medisinsk rådgivar i Røde Kors (global katastrofeberedskap).

Foto: Fartein Rudjord/ Norad

– Mange av pasientane fortalde at dei hadde prøvd å skaffe mat. Dei vart skotne og skadde, nokre av dei svært alvorleg. Nokre døydde også på sjukehuset. Før våpenkvila var det òg tilfelle der folk vart skadde av eksplosjonar. Mange av desse skadane var svært alvorlege. Barn og eldre, kvinner og menn, alle slags menneske er ramma.  

Roger Alcock fortel lågmælt og konsentrert om alt det grusomme. Om dei svært vanskelege forholda.  

Grusomme forhold 

Dei fleste lever i telt og under presenningar på stranda. Dei siste vekene har det våre mykje regn og oversvømmelser. Det er store problema knytta til kloakk, lite tilgang på vatn, vanskeleg å få tak i mat og den litle maten som finnst er veldig dyr. Han seier forholda vart noko betre etter våpenkvila, færre akutte skotskader, mindre farleg. Men folk har gått kraftig ned i vekt og barna er mykje mindre enn venta for alderen.  

– Det er eit stort behov for behandling av sår. Mange i Gaza har svært alvorlege sår som må stellast jamleg Det er viktig å gi mat med høgt proteininnhald slik at folk kan få tilstrekkeleg næring til å gro, få sårstell og få rett antibiotikabehandling dersom dei får infeksjonar.  

Medisinsk personell i arbeidsklær behandler pasienter som ligger på senger inne i et midlertidig medisintelt.

Feltsjukehus i Gaza.

Foto: Røde Kors

Før våpenkvila kom folk til sjukehuset fordi dei var trufne av skot på avvegar. Tilfeldige skot, medan dei laga mat eller gjorde anna inne i telta sine. Barn, eldre, alle slags folk.  

– Når folk ikkje kan kjenne seg trygge i det dei kallar heimen sin, som kanskje er den tolvte staden dei har budd på i det siste, fordi dei heile tida må flytte som internt fordrevne. Kva slags verd er det? spør Roger Alcock. 

Barna ja, han skildar barn som kavar med å vere barn. Seks- sju år gamle barn halande på tunge vassdunkar. Kvilte utanfor sjukehuset på veg heim til familien med dei store dunkane.  

La barn få vere barn 

Røde Kors opna feltsjukehuset i Rafah 9. mai i 2024. Sidan opninga har sjukehuset hatt omlag 180.000 konsultasjonar, gjennomført meir enn 11.000 kirurgiske inngrep og 800 babyar er fødde ved sjukehuset.  

Ein dag kom det klovnar til sjukehuset. Kva i all verda, tenkjer du kanskje? Klovnar på eit sjukehus i Gaza?  

– Ja, barn må få vere barn. I desse timane kor klovnane tulla med ungane livna foreldrene og vaksne også til. Det var eit vidunderleg kort pusterom midt i det mest grufulle, i dette grusomme dei aller fleste lever i, ja, om ikkje alle.  

En klovn på stylter med fargerik parykk og kostyme hilser på barn, hvorav ett sitter i rullestol, utenfor et teltområde.
Det er vanskeleg å ta inn over oss kor skada barna er. Vi er ikkje vane med slikt her heime. At barn er så skada.
Roger Alcock
Photo: Røde Kors

Roger gir eit døme:   

Barnet som kjem til sjukehuset er alvorleg skotskadd i magen og lysken. Som følgje av denne skaden blør barnet inn i buken, og det utviklar traumatisk hjartestans. Barnet slutta å puste fordi hjartet også stoppa fordi det ikkje hadde nok blod i kroppen.  

I dette tilfellet klarte Raudekross-teamet å starte hjartet og pusten igjen, gi blod, stoppe blødninga og gjenopplive barnet, før dei overførte barnet til eit eigna helsetilbod. Dette er krevjande i alle helsevesen, det ville vore utfordrande òg i Noreg eller andre europeiske land. Men i eit akutt sjukehusmiljø er det endå meir krevjande.  

– Eg kjenner meg privilegert og stolt over å ha fått arbeide i eit team som kan yte slik behandling, seier Roger Alcock. 

Feltsjukehuset, som er støtta av Noreg, hadde 60 senger då det opna. Før våpenkvila hadde sjukehuset fleire gonger over 120 innlagde pasientar, mange med masseskader – spesielt etter at det kontroversielle GHF starta matutdeling ikkje langt unna. Fleire sivile blei skotne ved matstasjonane.  

Leger fra Røde Kors behandler en pasient som er et barn i feltsykehuset.

På feltsjukehuset til Røde Kors i Rafah reddar legar liv.

Foto: Røde Kors

Tal frå FN viser at 3,3 millionar menneske har behov for humanitær hjelp i Palestina – det vil seie Gaza, Vestbreidda og Aust-Jerusalem. Heile befolkninga i Gaza, om lag 2,1 millionar menneske, blir rekna som avhengige av humanitær bistand. 

Dårlig tilgang og israelske restriksjoner på levering av humanitære tenester til tross. FN har vurdert behova til Palestina til heile 4 milliarder dollar for 2025. Av dette er 3,6 milliardar tiltenkt Gaza og 454 millionar til Vestbreidda, inkludert Aust-Jerusalem.  

Guten som teikna  

Roger Alcock minner oss også på dei store psykiske påkjenningane. Han understreker kor imponert han vart av  det frivillige teamet frå Palestinsk Raud Halvmåne på sjukehuset som gir psykososial støtte og ivaretek mental helse.  

 – Eg kan kanskje oppsummere det best med eit døme frå ein pasient som då eg kom, såg ut til å vere i ferd med å døy. Han var kakektisk, altså svært avmagra, og måtte opererast to gongar dagleg på grunn av sjukdommen sin. Utgangspunktet var ei skotskade i magen, som hadde ført til ein alvorleg infeksjon. Men i tillegg til dei fysiske problema, såg eg at denne guten – for det var ein ung gut – hadde mista håpet og ikkje lenger ville leve. Han ropa og skreik ofte om natta, noko som uroa både personalet, andre pasientar og pårørande. 

Sjå videointervjuet med Roger Alcock.

Teamet la ned ein stor innsats for denne guten. Dei prøvde å bruke ein app på mobilen, dei snakka med han, og det som til slutt fungerte best, var å gi han ei målebok. Denne tenåringen, denne unge guten, byrja å teikne og fargelegge.  

 – Då eg reiste etter ein månad, var guten som såg ut til å gi opp og døy, byrja å gå rundt på avdelinga – han halta, men han var på beina og helsa på deg med ein «fist bump» når du gjekk forbi. Det er heilt utruleg. Eit verkeleg fantastisk døme – og det finst mange fleire slike historier, seier Alcock  

Sjukehuset i Rafah har hatt lite medisiner, vatn, drivstoff og anna livsviktig utstyr, og helsepersonell må ty til rasjonering og improvisasjon for å kunne fortsette arbeidet.  

Behova er fortsatt svært omfattande. Røde Kors sitt feltsykehus i Rafah er det einaste i området som også er utan andre helsetenester.  

Usikre tider, enorme behov 

I 2024 bidrog Noreg med 1,05 milliardar kroner i humanitær bistand til Palestina og palestinske flyktningar i nabolanda. Den totale norske bistanden enda på 1,7 milliardar kroner.  

Portrett av Erik Abild. Han står med kort lyst hår iført skjorte og mørk jakke med Norad-logo på en nål, utendørs foran trær.
Situasjonen for menneske i Gaza er svært kritisk, på tross av våpenkvila.
Erik Abild
Avdelingsdirektør for humanitær og heilskapleg innsats

Noreg har ein sterk tradisjon for å bidra med både langsiktig bistand og humanitær hjelp til Palestina. Noreg er og leiar for giverlandsgruppa for Palestina (AHLC). 

 – Våpenkvila har gjort det mogleg å få inn meir naudhjelp, men det er på langt nær nok for å dekke dei akutte behova. Gjennom FN og andre partnarar som Røde Kors bidrar Noreg med hjelp. No kjem vinteren og med den enorme behov for menneske som frys og manglar det mest elementære. Hugs også at det fortsatt er krigshandlingar og at menneske blir drept, seier Erik Abild, avdelingsdirektør i Norad.   

Kva som kjem til å skje i nær framtid, er uklart, fordi situasjonen er svært usikker, og kan endre seg frå minutt til minutt.

– Frå eit helsefagleg perspektiv er realiteten at det i Gaza akkurat no er eit enormt behov for helsehjelp. Styresmaktene har, med støtte frå WHO, lagt planar for å betre og auke nivået på helsetenestene, oppsummerer Alcock.  

– Eg håpar verkeleg at vi vil kunne støtte, og fortsetje å støtte, kollegaene våre og lokalsamfunnet i Gaza slik at dei kan få tilbake livskvaliteten dei fortener. At dei kan vere trygge, ha nok mat, få helsehjelp, få utdanning og leve eit normalt liv. Eg håpar inderleg at dette er noko som er mogleg å oppnå, og at vi kan bidra til at det skjer, seier den erfarne legen Roger Alcock.  

Publisert i går
Publisert i går
Oppdatert i går
Oppdatert i går