Velkommen til dei nye nettsidene til Norad!
Norad.no skal formidle kunnskap og resultat av norsk bistand på ein forståeleg og effektiv måte, seier kommunikasjonsdirektør i Norad, Martha Haukaas.
Nye norad.no skal gjere det lettare for partnarane våre og andre som er interesserte i bistand og globale utviklingsspørsmål å finne informasjonen dei treng.
Dei nye nettsidene til Norad er bygde opp frå grunnen av, og det er gjort fleire grep for å skape ei moderne og brukarvenleg plattform. Nye norad.no har fått tydelegare struktur, nytt og oppdatert innhald og med universell utforming. Nettsida skal bidra til god informasjon om norsk bistand. Ho skal òg bidra til effektivisering både i Norad og hos brukarane, ved at samarbeidspartnarar og tilskotsmottakarar lettare skal finne korrekt og oppdatert informasjon som dei treng i arbeidet sitt.
– I informasjonsmylderet vi lever i, er det viktig med fakta og kanalar du kan stole på. Nettsida til eit fagdirektorat som Norad bidreg til ein open og opplyst offentleg samtale gjennom å sikre tilgjengeleg og påliteleg informasjon om bistand og utvikling. Norad.no skal formidle kunnskap og resultat av norsk bistand på ein forståeleg og effektiv måte, seier kommunikasjonsdirektør i Norad, Martha Haukaas.
Nye norad.no skal gjere informasjonsjobben enklare for så vel partnarar som tilsette.
– Norad har dei siste åra vorte tilført både nye oppgåver og auka ansvar som nettsidene òg må reflektere. I 2023 fekk Norad ansvaret for Nansen-programmet for Ukraina, og i august 2024 overtok Norad òg ansvaret for norsk humanitær bistand.
– Den nye Norad.no har òg implementert den nye visuelle profilen til Norad, som er utvikla med særleg omsyn til betre kommunikasjon i digitale kanalar, seier nettredaktør Dagfinn Fjelddalen. – Nærare halvparten av dei rundt 500 000 årlege besøkande til norad.no er utanfor Noreg, og vi ser at sida for utlysingar av tilskot og prosjektmidlar er dei aller mest brukte. Derfor er styrking av den engelskspråklege delen og av innhald for samarbeidspartnarar prioriterte.
– Dei nye nettsidene skal gjere det lettare for brukarane å finne den informasjonen dei treng aller mest. Samarbeidspartnarar som søkjer og administrerer tilskot, skal no finne det dei treng under “For Partnere”; frå utlysingar av nye tilskot til guidar, regelverk og aktuelle nyheiter for bistandsaktørar.
Du som søkjer bistandsfagleg informasjon, vil finne Norad sine kjernetema i den nye temaseksjonen.
Lurer du på å søkje jobb i Norad, kan vi tilrå Karrieresida.
Svært mange aktørar i bistandssektoren besøker dei talrike faglege arrangementa Norad har: Mange kjem heldigvis fysisk, men mange følgjer òg livestream via norad.no. Den populære arrangementskalenderen finst framleis under fana “Aktuelt/Arrangementskalender”.
Samtidig som det faglege og forretningsmessige innhaldet er nytt og oppdatert, er norsk bistandshistorie i form av Norad si omfangsrike publikasjonssamling av rapportar og evalueringar vidareført og tilgjengeleg under "Publikasjonar".
– Ei nettside blir heldigvis aldri ferdig. Med heilt ny plattform på plass vil vi no kunne gjere forbetringar jamleg der vi ser behova melder seg, seier Dagfinn Fjelddalen.