Får nytt åremål i Norad
– I ei tid der kampen om midlar spissar seg til er det endå viktigare at bistanden er effektiv og treffsikker og basert på kunnskap om det vi veit verkar. Det vil vere mitt mål å jobbe for dei neste seks åra, seier Bård Vegar Solhjell, som i dag er utnevnt til direktør i Norad i seks nye år.
Bård Vegar Solhjell er i statsråd i dag utnemnd som direktør i Norad for ein ny periode på seks år.
Solhjell vart første gang utnemd som direktør for Norad i 2020, og vil no halde fram i stillinga i eit nytt åremål ut 2029.
- Det er ei stor ære å få fornya tillit til eit så viktig oppdrag, og eg vil takke statsrådane og regjeringa for tilliten, seier Bård Vegar Solhjell.
- Auka fattigdom, uro, krigar og klimakrise pregar verda og påverkar enkeltmenneske kvar einaste dag. Det gjer bistand viktigare enn nokon gang. Bistand reddar og endrar liv; det må vi ikkje gløyme. Men bistanden må også bli betre. For i ei tid der kampen om midlar spissar seg til er det endå viktigare at bistanden er effektiv og treffsikker og basert på kunnskap om det vi veit verkar. Det vil vere mitt mål å jobbe for dei neste seks åra, seier Solhjell.
- Eg gratulerer Solhjell med ein ny periode som leiar for eit svært spennande direktorat. Norad speler ei nøkkelrolle i gjennomføringa av norsk utanriks- og utviklingspolitikk, seier utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim. - Vi lever i krevjande tider, og bistanden skal levera på stadig fleire og meir komplekse kriser. Eg ser fram til å samarbeide med Solhjell om å løyse disse oppgåvene.
- UD og Norad går gjennom ei omfattande omstilling i 2024. Nokre ansatte bytter arbeidssted, andre skal arbeide med nye tema. Da er det bra med kontinuitet i leiinga.
Tidlegare i år fekk Norad ansvaret for å forvalte den sivile støtta til Ukraina gjennom Nansen-programmet, og frå neste år får Norad også overført forvaltninga av humanitær bistand frå Utanriksdepartementet.
- Dette er eit klokt grep av Regjeringa. Krig, konflikt og klimaendringar gjer at vi må sjå den langsiktige bistanden i samanheng med det humanitære. Eg vil i åra som kjem jobbe for å byggje ein solid organisasjon og styrke det som er Norges fremste fagmiljø for forvaltning av bistand ytterlegare, seier Solhjell.
Med eigne ord: Kva synes Solhjell?
Kva er du mest nøgd med å ha fått til dei siste fire åra?
- Sidan 2019 har pandemien og krigen i Ukraina ført til store tilbakeslag i kampen mot fattigdom. Samstundes råkar klimaendringane dei fattigaste hardast. Vi står utvilsamt i ei krevjande tid. Og det gjer at norsk bistand er viktigare enn nokon gang.
- Dei siste fire åra har vi i Norad satt enda større fokus på kunnskap og evaluering av resultat i bistanden. Eg trur vi har lukkast med å bringe håp gjennom fakta om kva som verkar.
Kva utfordringar ser du i tida fremover?
- For å nå berekraftsmåla må ei massiv mobilisering til. Norge er ein av få land som faktisk når FN-målet om å bruke minst 0,7 prosent av BNI på bistand. Vi treng fleire aktørar til ein felles innsats for berekraftsmåla gjennom kunnskap, fakta og samarbeid. Donorland spelar ei viktig rolle, men vi treng også at det private næringslivet aukar innsatsen.
Kva blir det viktigaste for deg som Norad-direktør å ha fokus på de neste seks åra?
- I tida framover blir det enda viktigare å sjå den langsiktige bistanden i samanheng med den humanitære. I august neste år vil Norad overta store deler av forvaltninga av norsk humanitær bistand.
- Vi får nye oppgåver og vi vil få mange nye medarbeidarar. Dei neste seks åra blir det viktig å byggje ein organisasjon som jobbar godt på tvers av fagfelt og forvaltar Norges bistandsmidlar på ei god og kunnskapsbasert måte. Dette krev innovasjon, kreativitet og effektivitet i forvaltninga.
- Vi skal styre bistanden dit den verker best gjennom kunnskapsarbeid og innsikt i resultat. I Norad har vi Norges fremste fagmiljø innan utvikling og bistand og eg ser fram til at vi får fleire oppgåver og fleire gode medarbeidarar.
Du kallar deg sjølv ein ukueleg optimist – klarer du å sjå håp for verda når det stormar som no?
- Historia syner at vi menneske evner å mobilisere når vi står overfor ei krise. Mennesket har gang etter gang vist ei enorm evne til å kome vidare når det ser som mørkast ut. Vi har slått tilbake krigar, pandemiar og ekstreme ideologiar. I samarbeid. Bistanden kan sørge for at verda handlar raskare, og meir kraftfullt.
- Eg håper verda innan 2030 har klart å mobilisere innsatsen for å nå måla. Slik det ser ut no har vi ikkje sjans til å komme i mål. Eg vel å tru på at menneskeheita evnar å gjere det som skal til.