Avdeling for evaluering årsrapport 2022 - 2024: Veien videre

Om publikasjonen

Utgitt:Mai 2024
Type:Evalueringsrapporter, Evalueringer
Utført av:Avdeling for evaluering, Norad
Antall sider:37
ISBN:978-82-8369-205-1

NB! Publikasjonen er KUN tilgjengelig elektronisk og kan ikke bestilles på papir

Etter tiår med framgang på fleire viktige område, ser vi no ei verd prega av globale kriser knytt til krig, konflikt og endringar i klima som rammer dei fattigaste. Korleis blir norske bistandskroner brukt for å støtte dei som blir ramma, oppnår vi dei resultata som vi planlegg for?

Evaluering er eit av dei viktigaste verkemidla til å gje svar på slike spørsmål. Noko av det som kjenneteiknar evalueringar, og skil dei frå andre tilnærmingar, er at dei baserer seg på aksepterte og truverdige måtar å samle data på, at vurderingane er uavhengige og at anbefalingane er handlingsretta.

Den uavhengige evalueringsfunksjonen i norsk bistandsforvaltning vart etablert i Utanriksdepartementet i 1977 før den vart flytta til Norad i 2004. Sidan har funksjonen vore ivareteke av Avdeling for evaluering i Norad - eller EVAL som vi kallar oss.

I løpet av desse 20 åra har vi gjennomført meir enn 180 evalueringar og studiar. Ei liste over desse finn de til slutt i rapporten. Vi har og medverka til å utvikle evalueringsfunksjonen og evalueringsarbeidet både her heime og internasjonalt, blant anna ved å vere aktiv bidragsytar i evalueringsnettverket i utviklingskomiteen i OECD.

Frå og med januar 2025 skal den uavhengige evalueringsfunksjonen flyttast til Førde. Norec vil då overta det administrative ansvaret for funksjonen som Norad har i dag.

Regjeringa sitt vedtak om at arbeidsplassen vår skal flyttast, var ein krevjande beskjed å få for oss som er ramma. EVAL har bygd opp ein sterk og anerkjent evalueringskompetanse. Vi er stolte av funksjonen vi har vore med på å utvikle og evalueringsarbeidet vi har gjennomført.

Når funksjonen no skal reetablerast i Førde, blir det viktig å byggje vidare på det solide grunnlaget vi har lagt. Vi har jobba kontinuerleg for å vidareutvikle evalueringsarbeidet vårt i tråd med internasjonale standardar og globale endringar.

For eksempel har vi jobba for at evalueringsarbeidet vårt skal gjenspeile at bistanden har blitt meir kompleks. Evalueringar må kunne analysere samspelet mellom ulike sektorar samt sjå rolla og effektane av bistanden i eit breiare perspektiv. Evalueringar av innsats retta mot klima og miljø er eit eksempel på evalueringar som krev ei slik tilnærming. Eit anna eksempel er den såkalla Neksus tilnærminga i bistanden der ein søkjer å betre samspelet mellom humanitær innsats, utviklingssamarbeid og fredsinnsats.

Vidare kan vi nemne at vi har jobba for at evalueringsarbeidet vårt skal vere relevant både tematisk og tidsmessig. Pandemien viste eit aukande behov for raskare tilgang til kunnskap enn det tradisjonelle evalueringar klarer. I krisesituasjonar må vedtak fattast raskt, og då kan korte evalueringsløp vere nødvendig for at kunnskapen skal kunne takast i bruk raskt. Følge-evalueringar er eit eksempel på ein metodisk tilnærmingsmåte som kan bidra til raskare bruk av tilgjengeleg kunnskap som EVAL har jobba med over tid, men som vi framleis prøver ut.

Når evalueringsfunksjonen no skal finna si form og innhald i Førde kan nokre erfaringar følge med på vegen over fjellet:

Det er behov for å jobbe meir heilheitleg med evaluering i bistandsforvaltinga for at evalueringane samla sett, ikkje berre enkeltvis, kan bidra til betre bistand. Dette er ikkje ein jobb for EVAL aleine. Forståelsen av og ansvaret for evalueringar må styrkast i heile bistandsforvaltinga.

Den økonomiske uavhengigheita til evalueringsfunksjonen bør styrkast. Det er ikkje nok at funksjonen rapporterer til Utanriksdepartementet og Klima- og miljødepartementet. I tråd med internasjonale retningslinjer bør budsjettmidlar til funksjonen øyremerkast gjennom eiga budsjettlinje for å sikre at funksjonen får dei ressursane som trengst for å gjennomføre oppdraget, inkludert tilstrekkeleg og stabilt tal på tilsette.

Og til sist, vi har ikkje vore gode nok på å inkludere mottakarlanda i evalueringsarbeidet.

No gir vi snart stafettpinnen vidare. Nokre av oss blir med i ein overgangsperiode medan andre har funne nye utfordringar, uansett ønskjer vi Utanriksdepartementet, Klima- og miljødepartementet og Norec lykke til i flytteprosessen.

Men først inviterer vi dykk til å ta ein kikk på kva vi har produsert dei siste to åra.

God lesing!