Berekraftsmåla

Berekraftsmåla er eit resultat av forhandlingar mellom medlemslanda i FN. Noreg har teke aktivt del i arbeidet.
Dei 17 berekraftsmåla i FN blir førande for norsk utviklingspolitikk fram mot 2030.
Ekstrem fattigdom skal utryddast. Sosiale forskjellar skal jamnast ut. Klimaendringane skal bremsast.
Medlemslanda i FN har vedteke 17 globale felles mål for ei berekraftig utvikling dei neste 15 åra.
Dei nye berekraftsmåla ser miljø, økonomi og sosial utvikling i samanheng.
Erstattar tusenårsmåla
Berekraftsmåla erstattar tusenårsmåla som vart vedtekne i år 2000.
Tusenårsmåla har vore ein suksess. Dei har mobilisert til felles innsats mot fattigdom og for utvikling.
Ekstrem fattigdom har vorte halvert. Ni av ti barn går no på skule. Millionar av malaria- og HIV/AIDS-relaterte dødsfall har vorte hindra.
Fleire av tusenårsmåla har vorte vidareførte i berekraftsmåla.
Gjeld alle land
Måla er ikkje berre ein plan for utviklingslanda. Dei er mynta på innanrikspolitiske forhold i alle land.
Den nye agendaen er tydeleg på kva rammevilkår som må liggje til grunn for at ein skal lykkast med dette arbeidet.
Han peikar på at demokrati, godt styresett og ein rettskultur er avgjerande for berekraftig utvikling. Måla tek sikte på å realisere menneskerettane for alle.
Bodskapen er at ingen skal etterlatast: No one will be left behind.
Demokratisk prosess
Alle dei 193 landa i FN har fått ta del i utforminga av berekraftsmåla.
Tusenårsmåla vart laga av tilsette i FN-systemet, med utgangspunkt i alt vedtekne forpliktingar. Berekraftsmåla har til forskjell vorte til gjennom mellomstatlege forhandlingar.
Sivilsamfunnsorganisasjonar og privat næringsliv har òg bidrege.
Verdsomfattande meiningsmåling
Generalsekretæren i FN, Ban Ki-moon, ønskte at berekraftsagendaen mot 2030 skulle vere den mest inkluderande utviklingsprosessen i verda. My Word-undersøkinga er eit døme på dette.
My World var ei verdsomfattande spørjeundersøking som vart gjennomført før utforminga av berekraftsmåla. Undersøkinga samla inn mykje data på kva slags problem som opptek folk globalt. Spørjeundersøkinga har vorte utført både på nett og via fråkopla kanalar via FN.
Resultata frå My World-undersøkinga er fritt tilgjengelege. Ein interaktiv statistikkportal gjev svara frå over åtte millionar menneske. Resultata viser at mykje er likt mellom landa. Forskjellane er små mellom menn og kvinner.
Utdanning går igjen i undersøkinga som det temaet flest framhevar som det viktigaste for seg sjølv og eigen familie.
Svara frå undersøkinga hadde direkte påverknad på utforminga av berekraftsmåla på høgaste nivå.
Klimafokus
Gjennom den nye agendaen har verda sett seg mål om å ta klima- og miljøomsyn. Dette omfattar industri, landbruk, byar og energi.
Under klimatoppmøtet COP21 i Paris i 2015 vart alle landa i verda samde om å halde den globale temperaturauken godt under 2 gradar samanlikna med før-industrielt nivå, og å arbeide for å halde temperaturauken under 1,5 gradar.