Venezuela: Noreg sender hjelp etter jordskjelva

Personer står og går i ruinene etter store ødeleggelser, med røyk i området og skadde bygninger i bakgrunnen. Flere mennesker beveger seg blant sammenraste bygninger og betongrester.

Behovet for hjelp i Venezuela er stort i dagane etter jordskjelva. Allereie før katastrofen var det omfattande naud i landet. Noreg sender 20 millionar kroner til FN og Røde Kors, og støttar i tillegg humanitære organisasjonar som er til stades i landet.

Venezuela blei råka av to svært kraftige jordskjelv natt til torsdag norsk tid. Over 1700 menneske er hittil stadfesta døde, medan om lag 5000 menneske er skada og om lag 15 000 heimlause viser offisielle tal. 70 000 menneske er sakna, melder FN.

For å styrke den akutte responsen utløyser Noreg 20 millionar kroner frå den humanitære reserven:  

  • 10 millionar kroner til Høgkommisæren for flyktningar (UNHCR)  
  • 10 millionar kroner til Det internasjonale røde kors (IFRC)  

UNHCR er ein nøkkelaktør for flyktningar, migrantar, returnerte og andre sårbare grupper i dei jordskjelvsramma områda, med særleg fokus på tryggleik, registrering og tilgang til grunnleggjande tenester. 

IFRC gir direkte støtte til Venezuela røde kors. Dei har som mål å hjelpe 300 000 menneske som er råka på ulikt vis. Pengane skal finansiere umiddelbar livredning og legge til rette for oppskalering etter kvart som behova er kartlagde.

– I Venezuela ser vi tydeleg kor viktig det er at Noreg jobbar langsiktig og er fleksible som gjevarland ved at vi kan auke støtta ved akutte behov. Krisefonda til Det internasjonale røde kors og FN, kjernestøtte og fleksible midlar til partnarane våre, gjer at hjelpa kan kome i gang frå første dag. Midlane frå den humanitære reserven gir eit ekstra løft når behova er så omfattande som dei er no, seier Martin Samuelsen, seksjonssjef for humanitær innsats i Norad. 

Martin Samuelsen er seksjonssjef for humanitær innsats i Norad.

Jordskjelvet hadde episenter om lag 170 km vest for Caracas. Hardast råka er hamnebyen La Guaira, deler av hovudstaden Caracas, og områda rundt.  

– Katastrofen råkar eit land som er i djup humanitær krise med svake helsetenester, omfattande fattigdom og politisk uro. Dette gjer redningsarbeid og koordinering svært krevjande. Noreg bidrar gjennom FN og Røde Kors sine internasjonale hjelpefond, seier Norads direktør Gunn Jorid Roset.  

FNs naudhjelpsfond CERF har nå utløyst nesten 150 millionar kroner, og Røde Kors sitt krisefond DREF har så langt stilt opp med 24 millionar kroner. Noreg er blant dei største gjevarane til desse fonda som er klare til å nå ut med hjelp raskt.  

Når katastrofar rammar, er det avgjerande at hjelpa kan setjast inn raskt. Difor er dei internasjonale hjelpefonda eit viktig verkemiddel i norsk humanitær innsats, seier Gunn Jorid Roset. 

Portrett av en voksen kvinne i lys blazer og lys topp foran en mørk steinvegg.

Direktør i Norad, Gunn Jorid Roset.

Noreg støttar også organisasjonane Redd Barna, Caritas og NRC Flyktninghjelpen som alle arbeider i Venezuela. Desse partnarane bidrar med mellom anna beskyttelse, utdanning i krise, vatn og sanitær (WASH), mat og kontantstøtte i sårbare lokalsamfunn. NRC Flyktninghjelpen brukar 10 millionar kroner av dei fleksible midla sine til jordskjelvkatastrofa i Venezuela. 

Sjukehusa i Venezuela er generelt hardt pressa frå før, og pasientar blir behandla også utandørs og i feltsjukehus. 

Flere personer står og arbeider i ruinene av sammenraste bygninger. Betongrester, møbler og bygningsdeler dekker hele området.

28. juni: Desperat leiting etter overlevande i ruinane i Caraballeda

Umiddelbare behov er husly, mat og andre nødvendige varer, vatn, sanitær og hygiene (WASH), helsetenester, traumebehandling og psykososial støtte. 

Før jordskjelva var det allereie nær 8 millionar menneske med humanitære behov i landet. Berre om lag 20 prosent av FNs humanitære responsplan for 2025 var finansiert, og 2026-planen er per no rundt 23 prosent finansiert. 

Publisert 29.06.2026
Publisert 29.06.2026
Oppdatert 10.07.2026
Oppdatert 10.07.2026