Kronikk
Klimafinansiering

Tre nøtter til norske politikarar

Verda er samd om eit nytt mål for klimafinansiering: 300 milliardar dollar i året innan 2035. Det blir tøffare å nå enn du trur. Politikarane må knekke tre nøtter for å kome dit.

Av Bård Vegar Solhjell, direktør i Norad

Kronikken er også publisert i Aftenposten 29.11.2024.

Klimatoppmøtet i Baku er over. Bakteppet er alvorleg: flaum, tørke og ekstremvêr pregar verda. Det er dei fattigaste landa som er hardast råka, men også vi merkar endringane rundt oss. Tal frå EU si klimaovervakingsteneste viser at 2024 truleg er året verda går over 1,5 graders-målet.  Tida renn ut.

Ein stor norsk delegasjon med Klima- og miljøminister Tore O. Sandvik i spissen var i Baku for å forhandle om kor mykje pengar dei rike landa skal bidra med for å finansiere utsleppskutt og klimatilpassing i dei fattige landa. Norad spelar ei viktig rolle sidan vi forvaltar omlag halvparten av Noregs offentlege klimafinansiering på oppdrag frå Regjeringa . Vi har eit stort ansvar for at pengane kjem fram og gir resultat.

På klimatoppmøtet i 2010 vart det vedteke eit mål om at rike land skulle mobilisere 100 milliardar dollar «i ny og addisjonell klimafinansiering» til utviklingsland innan 2020. Målet inkluderer både offentlege midlar og private investeringar. I 2015 vart dette målet ein del av Parisavtalen, men forlenga til 2025. Det vart lagt til at det skulle vere eit minimum for vidare vekst etter behov forbi 2025.

Kvifor er klimafinansiering til utviklingsland så sentralt for å nå klimamåla? Av to litt ulike grunnar. 

For det første fordi det ikkje er mogeleg å løyse klimakrisa utan store utsleppskutt i framveksande økonomiar. Dette er land med høg økonomisk vekst, og ofte aukande utslepp – til dømes Kina, India, Sør-Afrika, Tyrkia eller Brasil – men dei er framleis langt mindre velståande enn USA eller Europa. Overgangen frå kol til fornybar i desse landa er ein kjerne i klimaløysinga - kanskje det som hastar mest, og vil gje mest effekt. Men det gir også landa ekstra utgifter som dei slit med å prioritere. Klimafinansiering frå rike land er difor blant det som kan akselerere energiomstilling.

Den andre grunnen handlar om ei heilt anna gruppe land – verdas aller fattigaste. Mange av landa er i Afrika sør for Sahara, eller er øystatar. Desse landa har nesten ikkje utslepp, men ligg slik til at dei er aller mest utsett for konsekvensane av klimaendringane. Samstundes har dei minst ressursar til å tilpasse seg eit endra klima. Konsekvensane blir truleg fleire fattige, meir krig og konflikt og auka migrasjon. Her er klimatilpassing løysinga og bistand det viktigaste verktøyet. Private investeringar i stor skala er lite realistisk. Fram til no har bistanden til tilpassing vore klart mindre enn den som går til utsleppsreduksjonar. Eit viktig krav frå dei fattigaste landa er at denne blir ein større del av totalen.

I Baku vart det semje om eit nytt mål på 300 milliardar dollar i året frå 2035. Det er tre gonger meir enn det gamle målet , og dermed eit viktig framsteg. Samstundes får det sterk kritikk. Det er langt mindre enn dei faglege vurderingane av behovet. Eit internasjonalt ekspertpanel anslo i 2022 behovet for å nå 1.5 gradersmålet til minst 1000 milliardar dollar i året.

Uavhengig av kva ein meiner er naudsynt og rettferdig at rike land bidrar med, trur eg målet om 300 milliardar dollar er særs krevjande å nå. Det vil vere utfordrande for vestlege, inkludert norske, politikarar på minst tre vis.

La oss kalle utfordringane tre nøtter:

  1. Kvar skal vi få dei offentlege midlane frå?

Til no har nær 80 prosent ( sjå figur 1) av global klimafinansiering kome frå offentleg finansiering. I hovudsak har dette blitt dekka av bistandspengar. Vi veit altså av erfaring at ein stor del av rekninga kjem til å havne på det budsjettet.

Figur 1: Sammensetningen av internasjonal klimafinansiering fra rike til fattige land, 2018-2022. Milliarder USD og prosentfordeling.

Figur 1: Sammensetningen av internasjonal klimafinansiering fra rike til fattige land, 2018-2022. Milliarder USD og prosentfordeling.

Men verdas totale bistandsbudsjett er langt mindre, om lag 220 milliardar kroner totalt. Om du legg til grunn at vestlege land framleis vil bruke pengar på humanitær hjelp, Ukraina, livreddande vaksiner eller eigne flyktningutgifter, er det vanskeleg å sjå at totalen vil gå opp. Dette opnar for ein debatt om korleis vi i vesten skal tenke om investeringar i eit stort globale fellesgode som klima, og om vi er villige til å prioritere det så tungt som vi no har forplikta oss til.

  1. Korleis skal vi mobilisere privat kapital?

Ei offentleg krone brukt godt til risikohandtering kan utløyse ei stor privat investering. Men førebels er retorikken meir imponerande enn resultata.

I Noreg har vi no to gode instrument som kan ta oss lenger. Klimainvesteringsfondet har bidratt til å unngå forventa utslepp på nesten 15 millionar tonn CO₂ i første fase, og går dessutan med overskot. Noreg tener pengar på det. Fondet investerer saman med, og bidrar til å mobilisere, privat kapital. Ved å skalere det opp kan vi investere meir i fornybar utan å tape pengar.

Noregs nye garantiinstrument for investeringar i fornybar energi er det andre. Her garanterer Noreg for delar av risikoen ved private investeringar i fornybar energi i utviklingsland. Gjort med god risikohandtering viser erfaringar frå andre land at ein ikkje taper pengar på slike instrument. For kvar bistandskrone brukt kan det kome 50-70 gangar så mykje i private investeringar.

På fagleg grunnlag meiner eg vi har to gode og effektive instrument som utfyller kvarandre. Dei kan skalerast, dersom mobilisering av privat kapital er politisk prioritert.

  1. Korleis få fleire med på spleiselaget?

Det er vanskeleg å sjå for seg dei nivåa av kapital som er naudsynt, utan at fleire land bidrar. I dag ligg ansvaret for klimafinansiering på eit lite utval utvikla land. Det er det gode grunnar til. Vi har i stor grad skapt klimaproblemet og har framleis høgast inntekt per innbyggjar. No er det imidlertid langt fleire land som har sterke økonomiar og veksande utslepp, også om vi ser på historiske utslepp.

Difor var det eit skritt i rett retning at vedtaket frå Baku “inviterer“ utviklingsland, som Kina og India, til å bidra til målet. Men fleire land med god økonomi og store utslepp må ta meir finansieringsansvar for dette globale godet: Eit stabilt klima. Samstundes er det vanskeleg å bryte ut av det etablerte mønsteret mellom land. Det er ei avgjerande viktig oppgåve for det multilaterale systemet, der Noreg kan bidra.

Dette er tre nøtter for alle klimaengasjerte, vestlege politikarar.

Publisert 29.11.2024
Publisert 29.11.2024
Oppdatert 29.11.2024
Oppdatert 29.11.2024