Foto: Steven Ford on Unsplash

Fem lyspunkt for klimaet i ei stormfull verd

Av Norad-direktør Bård Vegar Solhjell

Kronikken er også publisert på NRK Ytring 08.12.2023

Den varmaste hausten i verda nokon sinne. Flaum. Ekstrem varme. Tyfonar. Stormar. Det er den nye normalen. Men i ein stormfull røyndom er det også håp og løysingar.

Akkurat no er verdas mektigaste leiare samla i Dubai for å forhandle fram nye avtalar for å møte og stagge klimaendringane.

Denne veka går nemleg verdas viktigaste konferanse for klima og miljø av stabelen – COP28.

Det som før var noko i framtida, teoretisk. Det er her no. 

I Norge kjenner vi klimaendringane godt. Her heime trefte ekstremvêret Hans mange hardt i sommar.

Men la meg vere helt tydeleg: Det er ikkje først og fremst her konsekvensane av klimaendringane er mest dramatiske. Det er i det globale sør. Vi som arbeider med utviklingsland, hovudverda som eg likar å kalle det, der kor storparten av verdas befolkning bur har sett det lenge.

Menneska som står for dei lågaste utsleppa globalt er dei som er hardast ramma av klimaendringane. Heite, tørke og flaum driv folk frå heimane sine, og dei mister både livsgrunnlag og ein sikker tilgang på mat.

Ein kan bli motlaus. Men då er det viktig å minne om at det er mykje vi kan gjere, og allereie gjer, for å hjelpe dei landa som er hardast råka av klimaendringane. Her er fem døme:

1) Vi bidreg til klimatilpassing

Under COP28 er ein av prioritetane til Norge å gjere utarbeidelsen av eit globalt rammeverk for klimatilpassing meir konkret og praktisk.

Regjeringa prioriterer allereie innsatsen til klimatilpassing i bistanden høgt, og her er matproduksjon sentralt. Nokre av grepa Norge gjer gjennom bistanden er å avle fram frøsortar som toler ekstremvêr som tørke og flaum, sikre genbankane og samarbeide med småbønder.

Framover må vi òg bruke naturen sine eigne ressursar på ein smartare måte. Til dømes ved å restaurere mangroveskog, slik dei gjer i Guyana. Dette gjer at kysten blir skjerma for ekstremvêr, i tillegg til at mangrove tar opp CO2. Vinn-vinn!

2) Vi satsar på teknologi og vérvarsling

Gode vêrvarsel reddar liv og levebrød. Berre tenk på kva som kunne vore konsekvensane av Hans dersom vi ikkje hadde blitt varsla om ekstremvêret på førehand.

Konsekvensane av El Niño kan gi katastrofale utfall i utviklingsland. Derfor bruker vi vêrprognosar til å ruste småbønder og fiskarar for vêret som kjem. Når vêret blir meir ekstremt, kan menneske i kombinasjon med teknologi vere ei livbøye.

Ta til dømes Bangladesh, der ein syklon drap nesten ein halv million menneske i 1970. Sidan er landet blitt leiande på stormvarsling og handtering. I 2020 vart dei ramma av ein like stor syklon, men talet på døde var da dramatisk lågare – 26 menneske omkom.

Norsk bistand bidreg til dette, og til FNs mål om at alle menneske i verda skal vere dekte av eit tidleg varslingssystem innan 2027.

3) Vi bidreg til miljøvennleg straumtilgang

Utsleppsreduksjonar er Norges hovudprioritet under COP28.

I Afrika lever 600 millionar menneske utan elektrisitet. Dei neste tiåra vil velstanden likevel auke i fleire afrikanske land.

Ein kan seie det slik: Om denne utbygginga skjer ved bruk av fornybar energi, blir det ståande som ei stor forteljing om utvikling. Om det skjer ved bruk av fossile energikjelder, blir det ei katastrofe.

Ved å stille med garantiar og bidra med stønad til forundersøkingar bidrar norske bistandspengar til at fleire får tilgang på fornybar energi i Afrika. Det er ikkje berre til gode for folk og næringsliv, men også klima.

4) Vi vernar om regnskogane

Eit annet fokus Norge har under COP28 er å få ein stans i global avskoging innan 2030.

Utan regnskogen er vi sjanselause i klimakampen. Eit døme er regnskogen i Kongobassenget. Ikkje like berømt som Amazonas, men ti gonger så stor som Norge i areal.

Regnskogen i Kongo er en del av eit system som sikrar stabilt vêr i heile Afrika. Kongobassenget er avgjerande for at det regnar i Etiopia. Ulovleg hogst drive av fattigdom er ei stor utfordring.

Norsk bistand arbeider for at det skal bli mogleg for lokalsamfunna å ha eit levebrød utan å hogge ned skogen.

5) Vi bruker bistand for å auke private investeringar

Fram til 2030 treng utviklingsland om lag 1 000 milliardar i årlege eksterne klimainvesteringar for å nå måla i Parisavtala.

Skal vi tette dette gapet, strekker ikkje dei offentlege bistandsbudsjetta til. Vi treng enda meir privat kapital.

Bistanden kan avlaste risiko for private investorar. På den måten får vi meir ut av kvar krone. Nokre av dei beste verkemidla vi kjenner til, som garantiar, kan utløyse 50 kroner i privat kapital per bistandskrone.

Det vi ser og har opplevd også her heime, er konsekvensane av klimaendringane.

Historia syner at vi menneske evnar å mobilisere når vi står overfor ei krise, og det må vi klare denne gongen òg.

Tiltaka verda set i gang no, vil ha alt å seie for vår felles framtid. Bistanden kan sørge for at verda handlar raskare, og meir kraftfullt.

 

Publisert 08.12.2023
Sist oppdatert 08.12.2023