Verdsbankens fleirgivarfond for resultatbasert finansiering innan helse er evaluert

Forsøka med å utbetale bistandspengar basert på oppnådd resultat gir viktige innspel i utviklinga av resultatbasert bistand. Men det er framleis uklart om slik bistand faktisk verkar, kjem det fram i ein ny evalueringsrapport.

Noreg inngjekk i 2007 ein avtale med Verdsbanken om å opprette eit fleirgivarfond for resultatbasert finansiering innan helse. I 2009 vedtok også britiske departement for International development (DfID) å støtte fondet. Samla avtalefesta beløp frå Storbritannia og Noreg er om lag USD 575 millionar fram til 2020.

Målet med fondet er å redusere mødre- og barnedød gjennom:

  • Støtte til planlegging, gjennomføring, oppfølging og evaluering av ulike former for resultatbaserte finansieringsmekanismar (RBM)
  • Utvikle og formidle kunnskap om korleis ein gjennomfører vellykka RBM
  • Utvikle kompetanse på landnivå for å byggje varige RBF-mekanismar
  • Bidra til auka finansiering til helsesektoren

Funn

Kort oppsummert finn rapporten følgjande:

  • Forsøka med å utvikle ulike typar resultatbaserte finansieringsmekanismar gir viktige innspel i utviklinga av resultatbasert bistand. Men rapporten peikar på at ein enno veit lite om slik bistand faktisk verkar.
  • Rapporten gir ros til fondet for å relativt raskt ha kome i gang med ulike aktivitetar, men rapporten spør om gjennomføringa er rask nok. Rapporten etterlyser betre finansiell rapportering frå banken, noko som vil auke muligheitene til å seie meir om produktiviteten til fondet i  seinare evalueringar.
  • Vidare peiker rapporten på at fondet enno ikkje – etter fire år – har fått på plass eit resultatrammeverk og indikatorar som definerer korleis ein skal måle dei resultata som fondet ønskjer å oppnå.  Rapporten tilrår at eit slikt rammeverk blir utarbeida så snart som mulig.
  • Rapporten konkluderer med at det er for tidleg å seie noko om berekrafta av aktivitetane som blir testa ut. Det er også usikkert om alle aktivitetane er verdt å vidareutvikle.
  • Forvaltinga av fondet fungerer tilfredstillande, men i følgje rapporten er det behov for å styrke forvaltingskapasiteten i tråd med veksande aktivitet i fondet
Publisert 19.06.2012
Sist oppdatert 16.02.2015