Ny digitaliseringsdirektør i Norad

Torger Kjeldstad er tilsett som digitaliseringsdirektør i Norad. Han kjem frå Lyse Tele som leverer Ice mobil og Altibox internett- og fjernsynstenester.

– Norad har høge ambisjonar for digitalisering av eigen organisasjon og innan bistanden. Torger Kjeldstad skal vere ein pådrivar for å vidareutvikle digitalisering i bistanden for å bidra til utvikling og bruk av opne digitale løysingar. Han er den strategiske krafta Norad treng for å utvikle og implementere ny digital plattform for styring og forvaltning av bistanden. Eg ser fram til å få Kjeldstad med på laget, seier Norads direktør Gunn Jorid Roset.  

Direktør i Norad, Gunn Jorid Roset.

Foto: Fartein Rudjord/ Norad

Den nye digitale plattforma, som heiter GranMablir utvikla med mål om meir effektiv tilskotsforvaltning og betre innsikt i resultat og data frå bistanden. Kunnskapsdeling blir enklare.  

GranMa blir utvikla stegvis og i tett samarbeid med brukarane, og skal lanserast internt i Norad og utanrikstenesta i 2027. I 2028 vil GranMa også bli teken i bruk av tilskotsmottakarane.     

– Eg har store forventningar til jobben som digitaliseringsdirektør i Norad. Jobben kombinerer tre område som står meg svært nær: Teknologisk modernisering i stor skala, digitalisering som verkemiddel for samfunnsutvikling og leiing av kompetente fagmiljø som jobbar med komplekse leveransar, seier Torger Kjeldstad.  

Kjeldstad har i tillegg til Altibox og Ice hatt ulike leiarroller i Telenor og Sparebank1, og har leia utviklinga av DN frå papiravis til digitalt mediehus.  

– Eg brenn for bruk av teknologi som bidrar til meir rettferdig fordeling av ressursar, sterkare institusjonar og betre samfunnsfunksjonar.

Eg ynskjer å bruke leiarerfaringa mi til å vidareutvikle Norads rolle som ei drivkraft for innovative og opne digitale løysingar internasjonalt
Torger Kjeldstad

Torger Kjeldstad tar til i den nyoppretta stillinga 1. mars.  

Publisert 06.01.2026
Publisert 06.01.2026
Oppdatert 06.01.2026
Oppdatert 06.01.2026