Kronikk: – Vi trudde at verda skulle bli betre

En kvinne med lyst, skulderlangt hår står foran en fargerik vegg iført en mørk dressjakke med en brosje.

Mange er redde no, og det skjønar eg godt. Når verda viser seg på sitt mest håplause, kan vi miste trua. Men det er no vi skal stå opp for det vi trur på. Dei beste løysingane kjem gjennom internasjonalt samarbeid. For fred. For utvikling, skriv Gunn Jorid Roset, direktør i Norad.

Denne Kronikken vart publisert i Dagsavisen 27. januar. Skrive av Gunn Jorid Roset, direktør i Norad.

 

Grønland er det siste. For berre litt sidan handla det om Venezuela. Dagleg kjem bilete frå vinteren i Ukraina. I morgon veit vi ikkje kva vi vaknar til.

Når mykje no er i spel, skal vi ikkje vike unna. Vi skal stå fast i det langsiktige arbeidet ved å investere i bærekraft, utvikling og fred.

Flere kvinner og menn står samlet under et telt ved et bord med frukt og grønnsaker på et marked.

Gunn Jorid Roset feltbesøk i Malawi.

Foto: AmalieHenriksen/Norad

Felles reglar

FN blei grunnlagd i 1945 for å unngå fleire krigar. Verda trong felles køyrereglar for å sleppe krigsmarerittet på nytt. Vi fekk FNs tre pilarar, for å sørge for fred og tryggleik, menneskerettar og utvikling.

No er respekten for desse reglane i spel. Mange er redde no, fordi vi ikkje veit kva som kjem i morgon eller i neste veke.  

Tre av fire nordmenn svarer på spørsmål frå Norad at dei er uroa for krig og konflikt. Krigane har kome nærare. Vi er vane med at det stormar der ute, men ikkje at vi er direkte ramma.

Sivile manglar vern. Modige hjelpearbeidarar og journalistar set liva sine på spel for sanninga. Dei skal ikkje vere mål i krig, men no skjer det oftare enn før.  

239 millionar menneske har akutt behov for naudhjelp og vern i i 2026, viser tal frå FN. Dei menneskelege kostnadane er enorme. 

Stanse maktesløysa 

Vi må stå saman i å verne om spelereglane. Vi må stille spørsmål og utveksle idear om korleis vi kan investere i fred og håp. Derfor inviterer Norad til konferansen «Peace Out?» 28. januar som kan sette dei store spørsmåla i perspektiv. Skremande aktuelt. 

Er alt håp om fred ute? Nei. Det er fortsatt håp. Det er verken irrasjonelt eller naivt å håpe. Men vi må bruke verktøya og institusjonane vi har for å få det til.  

Dialog er ikkje maktesløyse. Å føre folk saman gjer at vi blir sterkare.  

I krig handlar alt om å overleve. Rommet for nyansar forsvinn. Det er ikkje tid til å drøyme. Alt er her og no.  

Krigen er hard, og krigen er urettferdig. Men oppi alt er det også menneskeleg varme og omsorg. I Ukraina, i Sudan, i Palestina. Og i land vi sjeldan høyrer om. Folk stiller opp for kvarandre. Tar vare.  

I Ukraina møtte eg Raisa. Ho mista dottera si, heimen sin og hundane sine. Ho sa at det som ga lys i livet hennar no, var barnebarnet og oldebarnet. Ho hadde funne fellesskap og venskap. Midt i all lidinga.  

I Sudan har Raftoprisvinnarane ERR danna nabolagsnettverk for å gi ly og mat, og vern for seksuell vald. Når verda er på sitt verste, opplever folk at drivkrafta er å stille opp for å dele det dei har.  

Vilje og mot

Kvinner er ofte dei mest sårbare i krig og konflikt. Men samtidig er dei berebjelkar i samfunnet. Noreg støttar varmt opp om at kvinner skal høyrast og delta i fredsprosessar. 

Når verda er på det svartaste gir det vilje og mot. Vilje til å kjempe mot uretten.    

Vi må ikkje gløyme berekraftsmåla til FN som handlar om den felles framtida vår. Utrydde fattigdom, bryte ned forskjellar og stoppe klimaendringane. Berekraftsmåla forebygger konflikt. Fattigdom skaper konflikt, og konflikt skaper fattigdom.   

Mandatet til FN, med dei tre likeverdige pilarane, er like viktig no som etter andre verdskrigen. Vi treng eit sterkt og reformert FN.

Bistand bygger opp 

For å kunne drive med internasjonalt samarbeid, for å stå opp mot maktesløysa, treng vi bistand. Utviklingsministeren varslar i VG at han vil ha ein ny bistandspolitikk. Bra! Vi treng å tenke nytt.

Norad samlar inn kunnskap og røynsle for å finne løysingar som gjer at kvar bistandskrone har best verknad. Saman med partnarane våre bidrar vi til fredeleg utvikling og minskar kostnadene for alle som lid av krigen.  

Bistand er fødd ut av krig og kriser. No gjeld det. Om vi ikkje står støtt no – når skal vi då stå støtt? 

Dei som lever midt i krig og konflikt må få halde på draumane sine. Håp er viktig for å halde ut – og for å handle. Vi har klart det før, og vi skal klare det igjen. Så ja. Vi trudde at verda skulle bli betre. Det skal vi fortsatt tru.  

Publisert 27.01.2026
Publisert 27.01.2026
Oppdatert 27.01.2026
Oppdatert 27.01.2026