Ebola i DR Kongo: Krise i den store krisa

Ein helsearbeidar tek temperaturen på ein lastebilsjåfør ved Kanyaruchinya-kontrollposten ved den nordlege innkøyringa til Goma i DR Kongo, 21. mai 2026.
Ebolautbrotet i DR Kongo råkar eit område som er sterkt krigsramma med internt fordrivne og med svake helsetenester. For å begrense smitta, løyver Noreg pengar til norske humanitære organisasjonar og store internasjonale hjelpefond.
Kongolesiske styresmakter har til no stadfesta over 1000 ebolatilfelle, og 277 døde, melder NTB. Talet er truleg høgare fordi tilfelle ikkje er rapporterte. Konflikt, store folkevandringar og avgrensa kontroll frå styresmaktene gjer smittesporing og hjelpearbeid særleg vanskeleg.
Noreg har til no løyvd nærare 95 millionar kroner til humanitær innsats i DR Kongo i år.
I tillegg kjem 100 millionar kroner til FNs krisefond (CERF) og 25 millionar kronar til krisefondet til Røde Kors (DREF). Omtrent ti prosent av bidraga frå CERF og sju prosent av bidraga frå DREF kjem frå Noreg.
– Smittespreiinga er alvorleg. Det finnest verken medisiner eller vaksiner mot denne varianten av ebola. Det er heller ikkje mogleg å hurtigteste. Dei mest sårbare er mest utsette. Den alvorlege humanitære situasjonen i regionen, med over 26 millionar menneske i akutt matmangel, gjer folk endå meir sårbare, Gunn Jorid Roset, direktør i Norad.

Direktør i Norad, Gunn Jorid Roset.
Smitteutbrotet har utvikla seg raskt og kongolesiske styrsmakter seier at smittetoppen ikkje er nådd.
Helsesystema aust i DR Kongo var allereie under betydelig press. Mellom januar 2025 og april 2026 blei det registrert over 94 500 mistenkte koleratilfelle og over 2 700 dødsfall, og Nord- og Sør-Kivu er blant de hardast råka provinsane. Samtidig er det utbrot av meslingar og mpox.
Lokale foreiningar
Noreg støttar Det internasjonale forbundet av Røde Kors- og Røde Halvmåneforeningar (IFRC) si regionale naudhjelpsappell for ebola i Sentral- og Aust-Afrika fordi organisasjonen kan mobilisere raskt gjennom nasjonalforeiningane i DR Kongo, Uganda og andre naboland som står i fare for smittespredning. Røde Kors-rørsla er allereie tilstades lokalt, har etablerte strukturar og breie nettverk av frivillige i dei råka områda.
– IFRC er særleg relevant i denne situasjonen. Dei kan mobilisere raskt gjennom nasjonale foreiningar, frivillige og eksisterande strukturar, og har både lokal forankring og tilgang til utsette område. Det er avgjerande i eit utbrot der tillit, nærvær og rask handling kan vere forskjellen på å få kontroll eller ikkje, seier Martin Samuelsen, seksjonsleiar for humanitær innsats i Norad.
Den norske støtta skal bidra til livreddande innsats innan risikokommunikasjon og mobilisering av lokalsamfunn, lokalsamfunnsbasert overvaking, trygge og verdige gravferder, smitteførebygging og kontroll, og psykososial støtte.
Norges Røde Kors går inn med 4,3 millionar kroner frå fleksible mider, pengar som kan brukast der dei trengst mest når akutte kriser oppstår.

Helsearbeidere ved et Ebola-behandlingssenter i Rwampara i Kongo, tirsdag 19. mai 2026.
Smitte i naboland
Uroen for vidare spreiing er stor. Uganda og Rwanda har stengt grensene sine til DR Kongo. Smitten er påvist i Uganda i tillegg til DR Kongo som er episenteret for utbrotet. Det er stadfesta 19 tilfelle i Uganda og to dødsfall.
WHO har åtvara mot grensestenging fordi folk krysser grensa uansett utanom grensestasjonane utan kontroll, og dermed er sjansen større for at viruset spreier seg. Grensa mellom DR Kongo og Uganda er 870 kilometer lang med mange stiar som kryssar grensa utanom offisielle grensestasjonar. Handelen er omfattande i grenseområda.
For å kunne oppdage og avgrense smitte før ho får større fotfeste, omfattar appellane også støtte til Røde Kors-foreiningane i Uganda, Den sentralafrikanske republikk, Sør-Sudan, Burundi og Rwanda.
Sør-Sudan har så langt ikkje rapportert tilfelle, men er rekna for å vera eit høgrisikoland på grunn av porøse grenser, svakt helsevesen og få høve til smittevern og førebygging.

Helsearbeidarar desinfiserer hender og måler temperatur på reisande ved ein kontrollpost nær Goma i DR Kongo, som del av førebyggjande tiltak mot ebola, 25. mai 2026.
Rask mobilisering
Norad sine helsepartnarar mobiliserer raskt. Den afrikanske unions folkehelseorganisasjon, Africa CDC, koordinerer tett med WHO og nasjonale styresmakter om overvaking og grensekryssande beredskap, medan vaksinealliansane Gavi og CEPI arbeider for å få fram aktuelle vaksinekandidatar. Det globale fondet og Unitaid støttar testing, laboratoriekapasitet og utvikling av diagnostikk.
Dette viser noko av verdien i Norad sin langsiktige støtte til globale helsepartnarar: Dei byggjer kapasitet før krisa kjem, og gjer det mogleg å reagere raskt når ei akutt helsekrise oppstår.
WHO sitt beredskapsfond
Sidan 2022 har Noreg gitt 190 millionar kroner til Verdshelseorganisasjonen (WHO) sit Contingency Fund for Emergencies (CFE). Dei siste tre åra har vi gitt 50 millionar i året. Fondet gjer det mogleg å løyse ut midlar på svært kort tid – ofte innan 24 timar – før annan finansiering er på plass.
WHO har alt løyvd 3,9 millionar dollar frå fondet til respons på ebolautbrotet i DR Kongo. Midlane går til tidlege og kritiske tiltak som smittesporing, laboratorieanalysar, logistikk, medisinsk behandling og koordinering av responsarbeidet.
Rask innsats i den tidlege fasen av eit utbrot er avgjerande for å avgrense spreiinga slik at færre blir sjuke og dør.
– Tid er heilt avgjerande ved utbrot av smittsame sjukdomar. WHO sitt beredskapsfond gjer det mogleg å handle med ein gong, før situasjonen veks seg større, seier Gunn Jorid Roset.

Tilsette i Verdas matvareprogram (WFP) lastar av humanitære forsyningar på flyplassen i Bunia i Ituri-provinsen i Den demokratiske republikken Kongo, 30. mai 2026. Forsyningane skal støtte naudhjelpsarbeidet i regionen, som er ramma av eit nytt ebolautbrot.
Norske partnarorganisasjonar bidrar
Redd Barna skal bruke 4,3 millionar kroner av dei fleksible midla sine til smitteførebygging i Ituri, provinsen i DR Kongo som er mest råka og kor utbrotet var stadfesta 15.mai. Redd Barna melder at denne siste løyvinga gjer det enklare å reagere fleksibelt etter kvart som situasjonen utviklar seg, den vernar om velferda til barna og støttar lokalsamfunn der behova har vorte større.
Kirkens Nødhjelp trappar også opp innsatsen og løyver 3 millionar kroner i fleksible midlar til ebolaresponsen i austlege DR Kongo. Innsatsen skal bidra til smitteførebygging gjennom vann og sanitær, hygieneopplæring, støtte til helseinstitusjonar og mobilisering av religiøse leiarar og lokale partnarar i Nord- og Sør-Kivu, med mål om å nå over 25 000 menneske direkte.
Flykninghjelpa bruker ti millionar av dei fleksible midla sine i provinsen i Ikuri.
Dødeleg smitte
Ebola smittar ved direkte kontakt med blod eller andre kroppsvæsker frå smitta personar. Opptil halvparten av dei som har fått viruset, har mista livet under dei siste store utbrota.
Ebola-råka er også smittsame etter at dei er døde, noko som gjer at nære familiemedlemmer spesielt utsette. Det gjer trygge og verdige gravferder til eit viktig tiltak.
Noreg gir mest til WHO sitt beredskapsfond
I 2025 var Noreg den som ga mest til CFE med over 46 prosent av dei samla bidraga til fondet.
Støtta til CFE er ein del av ei brei norsk satsing på helsetenester i humanitære kriser.
I 2025 utgjorde denne innsatsen om lag 657 millionar kroner, og omfattar støtte til mellom anna Røde Kors-rørsla, FN-organisasjonar og andre humanitære partnarar.