Nytt prøveprosjekt: Sterkare lokalstyrt hjelpearbeid

Et stort åpent torg med mange mennesker, flere boder som selger varer, palmetrær og en stor bygning med skader i bakgrunnen. Et stort nasjonalflagg vaier på en høy flaggstang.

Noreg vil at meir hjelpearbeid skal leiast lokalt. Gjennom eit nytt prøveprosjekt er målet å raskare hjelpe folk i krise i Sudan, Syria og Myanmar.

Mange som lever i krise får den beste hjelpa frå nettverk i nærmiljøet. I særs sårbare område kan det vere vanskeleg for internasjonale hjelpeorganisasjonar å nå fram. No skal meir av den norske støtta gå direkte til lokale organisasjonar og nettverk.  

Et stort område er fylt med telt laget av ulike stoff og presenninger, hvor mange mennesker beveger seg mellom teltene. I bakgrunnen ser man grønne trær og fjell under en blå himmel.
Foto: UNHCR/ Mohammed Jalal

– Lokale aktørar kjenner best folk og maktforholda i området der dei arbeider. Dei veit kva folk treng, har god kontakt med innbyggjarane og er ofte dei første som hjelper når ei krise rammar, seier Monica Svenskerud, fungerande seksjonssjef i Norad for humanitær innsats.   

Norad startar eit prøveprosjekt innan lokalt leia respons i humanitære kriser. Prosjektet skal bidra til at lokale aktører får betre finansiering ved at den er fleksibel og varer over tid.   

Støtta går til Aid Fund for Syria og Sudan Locally Led Pooled Fund. I Myanmar går støtta til lokale aktørar som når fram med humanitær hjelp i ein krevande kontekst.  

Tildelinga er på 180 millionar kroner over tre år.

Et portrett av Monica Svenskerud. Hun står med skulderlangt blondt hår og har på seg en lys rosa skjorte med krage. Bakgrunnen er mykt uskarp med duse blå og grå toner, og gir bildet en rolig og nøytral stemning.
Å styrke lokale og nasjonale aktørar i krisesituasjonar er viktig for å bygge opp beredskap og gode institusjonar som varer over tid. Støtta sikrar at dei som ofte blir oversett eller utelatne også kan få hjelp.
Monica Svenskerud
Fungerande seksjonssjef i Norad for humanitær innsats

Aid Fund for Syria (AFS) 

AFS blei etablert i 2022 og arbeider i heile Syria. Fondet prioriterer nasjonale og lokale organisasjonar. AFS koplar livsviktig humanitær hjelp med tidleg gjenoppbygging. Fondet legg særleg vekt på hardt ramma område. To tredelar av styringsgruppa er lokale aktørar.  

Danish Refugee Council (DRC) – Sudan Locally Led Pooled Fund (SLLPF) 

SLLPF er eit nytt fond som skal styrke lokalt leia arbeid i Sudan. Fondet har fleksible ordningar for finansiering, og minst 75 % av pengane går direkte til lokale og nasjonale aktørar. SLLPF gir ekstra støtte til organisasjonar som jobbar for kvinner. 

Fondet skal særleg hjelpe til i grenseområda til Tsjad og Sør- Sudan, inkludert Darfur. Rask støtte til grupper som gir livsviktige tenester og ordningar for å dele risiko, hindre konflikt og bygge opp kunnskap.  

En stor gruppe mennesker er samlet i skyggen av et tre. Det er en solfylt dag og alle er kledd i fargerike klær.

Sudanske flyktninger søker ly for solen ved en midlertidig leir i Koulbous, Tsjad, etter å ha flyktet fra krigen i Sudan, 2025.

Foto: Ala Kheir/UNHCR

Myanmar  

Norad vil støtte aktørar som arbeider i krevjande miljø ramma av konflikt gjennom fleksibel finansiering og læring for lokale aktørar.  

Felles for prosjekta:  

  • God finansiering: Lokale og nasjonale aktørar får direkte støtte over fleire år, slik at dei kan tilpasse hjelpa etter kva som trengst. 
  • Humanitære behov: Lokale aktørar gir hjelp og vern til folk som er ramma av konflikt eller katastrofe. 
  • Rettferdig hjelp: Støtta sikrar at dei mest sårbare menneska som ofte blir oversett eller utelatne får hjelp. 
  • Lokalt leiarskap: Lokale og nasjonale aktørar får ansvar for å leie, ta avgjerder og sørge for at hjelpa er inkluderande. 
  • Kvalitet i hjelpa: Førstelinjeaktørar får støtte med verktøy, opplæring og rettleiing tilpassa lokale forhold. 
  • Styrka lokal kompetanse: Lokale organisasjonar får støtte til å utvikle system og kunnskap, slik at dei kan gi tilpassa hjelp over tid. 
En stor gryte med suppelignende mat og en håns som holder en øse.
Foto: Emergency Response Rooms (ERR)

Prosjektet har òg ein læringsdel, der Norad skal finne ut korleis vi best kan støtte lokale aktørar framover. Norad vil derfor leige inn ein konsulent som skal følgje prosjektet gjennom heile perioden.  

Les også pressemeldingen på regjeringen.no

Publisert 05.01.2026
Publisert 05.01.2026
Oppdatert 05.01.2026
Oppdatert 05.01.2026