Berekraftsmåla

Norad forklarer: Berekraftsmål 7- Rein energi til alle

Nesten éin milliard menneske i verda manglar framleis tilgang til elektrisitet. Dei manglar både lys i taket, eit kjøleskap og ein stad å lade mobilen. Og tre milliardar menneske bruker framleis kol og ved til å lage mat. Heile 80 prosent av all energien vi bruker, kjem framleis frå fossile kjelder.

Korleis skaffe straum til alle som ikkje har – og samtidig kvitte oss med den energien som forureinar mest?

Dette tusenkroners-spørsmålet svarer energiekspert Mina Karina Weydahl i Norad på i denne filmen, som forklarer alt du treng å vite om berekraftsmål 7 – rein energi til alle! 

Mina ser lyst på framtida og det store potensialet som ligg i både vindkraft og solkraft i Afrika. Gjennom Norad og Norfund stør Noreg bedrifter som tør å satse og har lyst å investere, gjennom å tilby risikoavlasting og gunstige garantiordningar. Ho løftar mellom anna fram det norske selskapet Scatec, som no er ein av dei største utbyggjarane av sol i Afrika.

Noreg stør òg bedrifter som satsar på såkalla «clean cooking», dvs. at dei produserer og sel rimelege og miljøvenlege kokeomnar i utviklingsland.

Norad og norsk bistand satsar på lysare tider!

Publisert 26.03.2024
Publisert 26.03.2024
Oppdatert 25.07.2024
Oppdatert 25.07.2024