Valet som overraska alle

– Andre runde av presidentvalet kan fort bli like nervepirrande som EU-røystinga, skriv rådgjevar Anna Wågen i Norad.
Søndag kveld fekk mange moldovarar og dei som følgjer situasjonen i Moldova, seg ein uventa kalddusj.
Presidentvalet og EU-folkerøystinga vart langt meir dramatiske enn meiningsmålingane hadde spådd på førehand. Då 88 prosent av stemmene var talde, hadde dei som seier nei til grunnlovsfesting av EU-medlemsskap, eit solid overtak med 54 prosent. Først måndag morgon, då fleire stemmer frå den EU-vennlege diasporaen tikka inn, gjekk resultatet i favør av ja-sida, med svært knapp margin: 50,38 prosent.
Sitjande president Maia Sandu endte opp med 42,5 prosent av stemmene. Russiskvenlege Alexandr Stoianoglo frå den autonome regionen Gagausia fekk 26 prosent. Med det er det duka for ein andre runde av presidentvalet den 3. november.
President Sandu har gjort EU-medlemsskap til si kampsak. For den proeuropeiske leiren i Moldova handlar EU først og fremst om tryggleik – om å skapa ein buffer mot russisk innblanding, men også om økonomisk vekst. Ein ser til framgangen nabolandet Romania har gjort sidan det vart EU-medlem i 2007.
Russland har pumpa inn millionar i påverkingskampanjar i Moldova sidan fullskalainvasjonen av Ukraina, og intensiverte dette massivt i månadane før valet og folkerøystinga. Ifølgje tenkjetanken Watchdog, i eit intervju med Panorama nyheter, har russiske aktørar brukt om lag 1,6 milliardar kroner på å påverka opinionen i Moldova berre i år. Det er langt billigare for Russland å driva hybrid påverking i Moldova enn å kriga på slagmarka i Ukraina.
Blant påstandane som verserte i forkant av valet, var at Moldova ved å nærma seg EU vil mista suverenitet, bli fattigare og risikera krig, at den sitjande regjeringa er inkompetent og ikkje eigentleg proeuropeisk, og at EU planlegg å oppretta flyktningleirar i Moldova.
Nettverket til den straffedømde oligarken Ilan Sor har jobba iherdig for å påverka valresultatet. Dei skal ha tilbode mange tusen moldovarar mellom 550 og 1100 kroner for å stemma på andre kandidatar enn Sandu og seia nei i EU-røystinga. Det er ein attraktiv sum i eit land med ei snittløn på 7000 kroner i månaden.
Valresultata viser ei reell splitting i Moldova. Ikkje alle ønskjer tettare band med EU. Samstundes viser dei at landet framleis er svært sårbart i lys av den russiske angrepskrigen mot Ukraina. Noreg har trappa opp støtta til Moldova gjennom Nansen-programmet og opna ambassadekontor i hovudstaden Chișinău i august.
Norske midlar har gått til å styrka valinstitusjonane i Moldova gjennom veljaropplysing, stryka opplæring av valfunksjonærar og betra kybertryggleik for den sentrale valkommisjonen. Noreg støttar også det lokale sivilsamfunnet og media i å produsera faktabasert innhald som ei motvekt til havet av desinformasjon.
Sjølv om EU-røystinga har fått mest merksemd, står det vel så mykje på spel når moldovarane går til urnene på nytt den 3. november. Det er uklart kven Renato Usatîi, som kom på tredjeplass med 14 prosent, vil støtta. Det kan også vera stemmer å mobilisera hos dei unge, som hadde langt lågare valdeltaking enn den eldre generasjonen. Andre runde av presidentvalet kan fort bli like nervepirrande som EU-røystinga.
Kronikken er også publisert i Dag og Tid 25.10.2024.
Anna Wågen er rådgjevar i Norad.