Kronikk
Klimafinansiering

Auka klimafinansiering gir håp

Bård Vegar Solhjell, direktør i Norad

3000 milliardar kroner årleg  i klimafinansiering. Det blei verdas land samde om under forhandlingane på FNs klimatoppmøte i Baku. Heldigvis veit vi mykje om kva som verkar i kampen mot klimakrisa. Og det gir håp. 

Av Bård Vegar Solhjell, direktør i Norad.

Kronikken er også publisert i Sunnmørsposten 10.12.2024

‘Klimafinansiering’ høyrest flott ut, men kva  betyr dette fine ordet eigentleg i praksis? Kvifor er milliardane som blei lova i Baku spesielt viktig for dei landa som er hardast råka av klimaendringane?

Kort forklart betyr klimafinansiering pengar som skal  gå til å hjelpe dei mest utsette landa til å tilpasse seg til klimaendringanes konsekvensar. Det betyr óg løysingar som kuttar CO2-utsleppa - både her heime og ute i verda – slik at vi bremsar klimaendringane.

Haustens herjingar med flaum, tørke og ekstremvêr er ei viktig påminning på kvifor vi ikkje må miste håpet i kampen mot klimakrisen, og kvifor vi må snakke meir om kva som verkar.

Bileta og historiene vi såg frå flaumen i Valencia-området i Spania gjer sterkt inntrykk. Samtidig er 1,4 millionar menneske ramma av flaum i Sør-Sudan. Fleire hundre tusen er på flukt frå flaum, og tilfelle av malariasjukdom aukar grunna alt vatnet. Også her heime er det stadig fleire som opplever dei enorme konsekvensane naturkreftene kan skape.

På mange måtar opplever vi at utviklinga vi har sett på det afrikanske kontinentet og i Søraust-Asia kjem nærmare oss. Men framleis er det dei fattigaste som betaler den høgaste prisen. Ta til dømes eit land som Myanmar – eit av dei aller mest sårbare landa for klimaendringar i verda. Naturkatastrofar som tyfonar, syklonar, tørke og hete kjem stadig oftare, samtidig som landet står i ein av verdas mest ekstreme og valdelege konfliktar der 19 millionar menneske har store behov for nødhjelp. Og Myanmar er ikkje unikt. Det same ser vi i Tsjad, Sudan, Niger, Burkina Faso, Mosambik. Lista er lang.

Klimakatastrofar driv folk på flukt, øydelegg levebrød og set liv på spel. I 2023 blei 184 millionar menneske ramma av klimakatastrofar. Det er nesten ni prosent fleire enn i  2014. Landa som er hardast ramma av konflikt, klimakrise og dårleg styresett er ofte dei same.

Klimaendringane er grobotn for fattigdom. Dersom vi ikkje lykkast med klimatilpassing, kan klimaendringane sende 100 millionar fleire menneske i utviklingsland under fattigdomsgrensa innan 2030. 

Ekstremvêret kjem med ein kostbar prislapp. Samstundes kan tilsynelatande enkle investeringar redde mange liv.

Ein rapport frå 2019 viser at for kvar krone investert i vêrvarsling kan vi få ti tilbake. Eit varsel 24 timar før ein kommande storm eller ei hetebølgje kan redusere skaden med 30 prosent ved at folk får tid til å sikre sine eigendelar Ved å investere 800 millionar dollar i utviklingsland kan ein unngå tap på 3–16 milliardar dollar per år.

Her heime har vi alle eit forhold til tenester som yr.no. Vi har tenester som varslar alt frå godt badevêr og gode skiforhold til at no er det ekstremvêr på veg. Dette er ikkje tilfellet for mange av verdas fattigaste.Dei er endå meir sårbare for flaum og hete. Difor er vêrvarsling ei sentral satsing i norsk klimafinansiering.

I Bangladesh har vi verkeleg sett kor stor skilnad gode system for varsling kan ha. Då tyfonen Bhola ramma landet i 1970 forårsaka den om lag 300 000 dødsfall. Sidan har Bangladesh med mellom anna støtte frå Noreg investert kraftig i varslingssystem, beredskapsplanar, tilfluktsrom og betre bygningsstandardar. Mykje tyder på at det har redda tusenvis av liv. I 2019 ramma tyfonen Fani. Då omkom fem  menneske. I år opplevde dei den største tyfonen i Søraust Asia på 30 år og talet på omkomne i Bangladesh var 20 menneske.  

Ein viktig premiss for norsk støtte er at varslingstenester og vêrdata er opne og tilgjengelege for alle. Dette er ikkje noko som berre skal vere for dei rike og privilegerte som har høve til å kjøpe slike tenester og data. Ved at fleire land har gode og opne data frå vêr- og klimamålingar, vil og regionale og globale vêr- og klimamodellar bli betre.

Gode vêrdata gir høve til å førebu seg for ekstremvêr på veg. Det gir bønder høve til å planleggje betre. Vêrvarsling reddar liv og levebrød.

Men, vêrvarsling set ikkje ein stoppar for klimaendringane.

Dei mørke skyene er ikkje lengre i horisonten, dei er her allereie. Men i skylaget ser eg også nokre lysglimt. Til dømes går omstillinga mot fornybar energi, særleg solkraft, mykje fortare enn vi kunne tru for ti år sidan. Og Norge har tatt grep for å legge til rette for enda fleire investeringar.

Vi støtter bedrifter som vil investere og vi har lansert ei ny ordning der Norge går inn som garantist for store investeringar i fornybart. Garantiordninga har ei ramme på 5 milliardar og kan mobilisere 15 milliardar i investeringar. Dette blir eit viktig verktøy for fleire investeringar.  Klimainvesteringsfondet viser at det går an å investere grønt i stor skala, og det med stor lønsemd.    

Historia har gong på gong vist at vi menneske evnar å komme saman i krisetider, og mobilisere på tvers av landegrenser. Vi må gjere meir og gjere det no. Klimakatastrofer kostar oss fleire liv og fleire millionar enn nokon gong før.

Når naturkreftane herjar har vi ikkje råd til å gi opp.

 

 

Publisert 10.12.2024
Publisert 10.12.2024
Oppdatert 10.12.2024
Oppdatert 10.12.2024