Støtteordningane under EØS-avtalen er evaluert

Det er stor etterspørsel etter dei norske EØS-midlane i dei nye EU-landa i aust, og ordninga er godt synleg i samarbeidslanda. Men det er betydeleg ineffektivitet når det gjeld å setje programmet ut i livet og mykje dobbeltarbeid i forvaltninga av midlane. Dette er hovudkonklusjonane i ei evaluering av EØS-støtteordningane.

Totalt skal det fordelast 1,3 mrd. euro under EØS-støtteordninga i perioden 2004 - 2009. Norge finansierer 95 prosent av totalsummen.

Det er EØS-ordninga som blir evaluert, ikkje minst systemet og strukturen for godkjenning av tiltak og forvaltning av midlar. Det er for tidleg å vurdere resultata av bistanden. Evalueringa gjeld heile ordninga, men det er gjort studiar i tre land, Tsjekkia, Polen og Estland, dit 57 prosent av midlane går.

Hovudfunna i evalueringa er:

• EØS-støtteordninga er blitt mottatt med entusiasme av dei gruppene som kan nyte godt av henne, og det er stor etterspørsel etter midlane i samarbeidslanda. Ordninga har gjort det mogleg å støtte grupper og prosjekt som elles ikkje ville fått stønad.

• Det er etablert eit kompetent forvaltningssystem med kunnskapsrike og erfarne medarbeidarar til å administrere ordninga.

• Fondet er godt synleg i samarbeidslanda, noko som har fremja auka samarbeid med givarlanda, dvs. i hovudsak Norge.

• Det er betydeleg ineffektivitet i implementeringa av ordninga, noko som har ført til at programmet er klart forseinka. Dei direkte alternativkostnadene av dette kan reknast til mellom 10 og 30 prosent av dei totale programkostnadene.

• Det er særleg dobbeltarbeid i førehandsvurderinga og kontrollen av midlane som reduserer effektiviteten. Kontroll- og rapportsystemet frå givarane er for rigid, og har liten verdi på toppen av omfattande nasjonal kontroll. Det tar for lang tid frå ein søknad blir utforma til prosjektet kan komme i gang.

• Behandlinga av prosjekt går nå mykje raskare enn tidlegare. Men det er framleis risiko for at ein ikkje vil klare å utbetale alle midlane innan oktober 2011, slik meininga er. 46 prosent av den totale ramma var fordelt første kvartal 2008, og tre prosent var faktisk utbetalt.

Evalueringa fokuserer på kostnadseffektiviteten i ordninga. Det betyr at den politiske og historiske samanhengen som ordninga fungerer i, og årsakene til om ein har lykkast eller ikkje, ikkje er analysert i særleg grad.

For evalueringa i fulltekst:

Mid-term Evaluation of the EEA Grants.