Hovudmålet for Noregs humanitære innsats er å redde liv, lindre naud og verne om menneskeverdet og menneskerettane i humanitære kriser.
Norsk støtte til kunnskap og innovasjon

Ei kvinne i Aust-Bangladesh brukar ei nyinstallert handpumpe, etablert med støtte frå NEAR Change Fund etter flaumen i 2024. NEAR er ein ny partnar for Norad og får støtte til arbeidet sitt for å flytte makt og innverknad til lokale aktørar.
Noreg satsar på kunnskap og innovasjon for å påverke reform av humanitær sektor. 69 millionar kroner over tre år til åtte organisasjonar internasjonalt skal bidra til meir effektiv, treffsikker og berekraftig humanitær innsats.
– Med utgangspunkt i Noreg sin strategi for humanitær politikk, har Norad lagt vekt på å velje organisasjonar som deltek aktivt og solid i policy-, kunnskaps- og innovasjonsarbeid. Dei kan vise til resultat for korleis dei bidrar til å styrke humanitær sektor og reform, seier Erik Abild, direktør for heilskapleg og humanitær innsats i Norad.

Humanitær reform betyr å betre måten den humanitære sektoren fungerer på, slik at hjelpa:
- Kjem raskare fram
- Er meir treffsikker og rettferdig
- Er betre tilpassa behova til menneska som er råka
- Bruker ressursane meir effektivt
- Er meir ansvarleg og open
Interessa for utlysinga var stor. Det kom inn 167 søknader. Alle blei grundig vurdert etter kriteriene og var ein del av ein omfattande konkuranseutsatt prosess for å sikre heilskapen med partnarar som som leverer gode resultater.
Den årlege tilskotsramma for politikk- og kunnskapspartnarane er 23 millionar kroner. Det blir til saman 69 millionar kroner for treårsperioden frå januar 2026 til januar 2029.
Det har òg vore eit mål å gi støtte til minst éin partnar frå det globale sør som arbeider med humanitær reform, og å prioritere partnarar som vektlegg deltaking og representasjon av menneske som er råka av humanitære kriser.
Organisasjonar som er tildelte midlar:
- NEAR (Network for Empowered Aid Response/African Development Organization) representerer over 300 lokale sivilsamfunnsorganisasjonar i 44 land i det globale sør. Arbeidet deira har gitt viktige resultat når det gjeld å flytte makt og innverknad til lokale aktørar. NEAR spelar ei sentral rolle i Humanitarian Reset og leier Community of Practice on Localisation innanfor Grand Bargain. Dei er også i leiinga av eit advisory panel on the future of humanitarian action saman med ODI.
Støtte: 4 millionar kroner i året – ny partnar. - ICVA (International Council of Voluntary Agencies)
er eit globalt nettverk av 170 frivillige organisasjonar i 160 land som arbeider for å forbetre og effektivisere det humanitære systemet. ICVA er ein leiande politisk aktør og arbeider både globalt og regionalt med humanitær reform, koordinering og humanitær finansiering.
Støtte: 3 millionar kroner i året. - ODI Global (Humanitarian Policy Group/HPG og Alnap):
HPG er ein leiande aktør innan forsking og kunnskapsbasert forbetring av humanitær respons, med stor innverknad på humanitær politikk og reform. Alnap er eit globalt nettverk som arbeider for å styrkje kunnskap og læring i den humanitære sektoren. Dei koordinerer meir enn 100 medlemmar og legg vekt på å samle inn data, erfaringar og evalueringar, og å gjere desse tilgjengelege for å bidra til læring og meir effektiv humanitær innsats.
Støtte: 5 millionar kroner i året. - Calp (Cash Learning Partnership):
er eit nettverk med meir enn 90 medlemmar i organisasjonslivet, FN, givarar og forskarar som arbeider for å leggje til rette for auka bruk av kontantbasert støtte i humanitære kriser. Dei har oppnådd resultat ved å setje kontantstøtte tydeleg på den humanitære politiske dagsordenen og bidra til auka del av kontantbasert naudhjelp i kriser.
Støtte: 3 millionar kroner i året. - Give Directly:
er ein organisasjon som berre jobbar med direkte, kontantbasert bistand. Dei har lansert eit initiativ for å byggje eit system som kan levere rask, kontantbasert naudhjelp innan fem dagar, uavhengig av kvar i verda krisa skjer. Eit viktig element er at dette systemet skal vere ope tilgjengeleg for alle aktørar, for å bidra til auka effektivitet i heile sektoren.
Støtte: 2 millionar kroner i året – ny partnar. - Airbel Impact Lab – IRC (International Rescue Committee):
Airbel er IRC si eining for humanitær innovasjon, og er ein leiande aktør som designar, testar og skalerer løysingar med fokus på kriseråka lokalsamfunn. Dei er den største bidragsytaren til effektevalueringar i humanitær sektor, med tydeleg fokus på måloppnåing og kostnadseffektivitet.
Støtte: 2 millionar kroner i året – ny partnar. - Ground Truth Solutions (GTS):
er ein liten, men viktig organisasjon i det humanitære systemet. Dei arbeider med å vidareutvikle metodar for å hente inn lokale data og løfte perspektiva til kriseråka befolkning inn til beslutningstakarar og sentrale prosessar.
Støtte: 2 millionar kroner i året. - The New Humanitarian (TNH):
Er ei uavhengig, ikkjekommersiell nyheitsorganisasjon som leverer uavhengige nyhende og analysar direkte frå humanitære kriser. Dei har eit nettverk på meir enn 200 journalistar som rapporterer frå over 70 land. TNH prioriterer tema som i liten grad blir dekte av tradisjonelle media og rettar kritisk søkelys mot humanitære aktørar og systemet, inkludert givarar.
Støtte: 2 millionar kroner i året.
Strategien for norsk humanitær politikk slår fast at «den humanitære innsatsen må vidareutviklast gjennom kunnskap, læring, innovasjon og ved å oppretthalde brei deltaking frå ulike aktørar og råka grupper.