Framgangen har dessverre bremsa mykje opp dei siste åra på grunn av pandemien, inflasjon, dyrare lån, klimakriser, krig og fleire konfliktar. Meir av fattigdommen er konsentrert i land kor det er vanskelegare å få i gang utvikling.
Ny Norad-rapport: 839 millionar lever i ekstrem fattigdom

Barn og unge møtest for å sjå og spele fotball i Jokwe Village, Zambia.
1 av 10 menneske i verda må klare seg på mindre enn 30 kroner dagen, viser den nye fattigdomsrapporten til Norad. Etter mange år med nedgang i fattigdommen, har utviklinga omtrent stoppa opp.

Norad-direktør Gunn Jorid Roset under rapportlanseringa.
– At nesten 840 millionar menneske lever på det absolutte minimum er svært alvorleg. Bildet er dystert, men ikkje håplaust. Kampen for å få bort fattigdom er kjernen i all bistand. Vi jobbar heile tida for at dei mest sårbare skal kunne leve fullverdige liv, seier Norad-direktør Gunn Jorid Roset.
Dei siste åra har utfordringane med fattigdom forverra seg. Nedgangen har nærast stoppa opp. Dei fleste ekstremt fattige lever i dei fattigaste og mest ustabile landa, særleg i Afrika sør for Sahara. Her lever to av tre på under 30 kroner dagen. 21 av dei 25 låginntektslanda i verda er i denne regionen.

Meir enn halvparten av folk i Afrika sør for Sahara er under 20 år. Innan 2050 vil den unge arbeidsstyrken mellom 15 og 24 år auke med over 70 millionar.
Økonomisk vekst har historisk vore den desidert viktigaste motoren for redusert fattigdom.
– Vekst er like naudsynt som før, men verkar svakare i landa med høg fattigdom. I framtida må veksten gje betre næringsutvikling og meir jobbskaping. Ikkje minst må dei fattige få utdanning som gjer at dei kan få dei nye jobbane. I dag er dette svært krevande finansielt, men vil ha ei enorm oppside for Afrika sør for Sahara som har så mange unge i ei elles aldrande verd, seier Lars Loe. Han er utviklingsøkonom i Norad og ein av forfattarane av rapporten.

Lars Loe, utviklingsøkonom i Norad, oppsummerer rapporten.
Rapporten viser også at fattigdom rammar jenter hardast.
– Jenter frå fattige familiar på landsbygda har det vanskelegast. Det er meir sannsynleg at dei giftar seg tidleg, avsluttar utdanning og får barn før dei fyller 18 år. Fattigdommen går frå ein generasjon til den neste. Derfor er det viktig at bistanden kjem jenter til gode, seier Gunn Jorid Roset.
Norad forvaltar det meste av det norske bistandsbudsjettet. Mange land har kutta drastisk i budsjetta sine.
– I ei tid kor bistandsbudsjetta er under press, er det endå viktigare å tenke nytt for å få meir ut av kvar krone. Vi må etablere nye partnerskap og samarbeide med private aktørar, seier Gunn Jorid Roset.
At det er fleire fattige no samanlikna med i fjor og åra før, er fordi utrekninga er annleis, ikkje nødvendigvis fordi levekåra plutseleg har blitt verre. Grensa for ekstremt fattige er heva frå 2,15 til 3 dollar dagen.

Tewodros Aragie Kebede la fram Norad-rapporten om fattigdom 2025.
Fleire tal fra rapporten:
- Siste offisielle tall frå Verdsbanken viser at 839 millionar menneske, eller 10,3 prosent av alle menneske på jorda, levde i ekstrem fattigdom i fjor. Det er ein nedgang på 9 millionar frå 2023. Det er venta at talet går ned med rundt 8 millionar i år.
- Talet på ekstremfattige er oppjustert med rundt 150 millionar dei siste åra samanlikna talet frå i fjor.
- Oppjusteringa av talet på fattige handlar for det meste om betre målemetodar av forbruket. Grunna målemetodar og inflasjon er forbruksgrensa for ekstremfattigdom oppjustert frå 2,15 til 3 USD dagen.
- Sidan 1990 er det nesten 1,5 milliardar færre ekstremfattige menneske i verda enn då. No går fattigdommen saktare ned enn før, særleg om ein samanliknar med det første dryge tiåret av årtusenet.
- Om ein kunne overført pengane som trengst for å heve alle dei nesten 840 millionane ekstremfattige opp til grensa på 3 USD om dagen, tilsvarer det mindre enn 0,2 prosent av det samla bruttonasjonalproduktet i verda.
- Fattigdom sluttar ikkje på ekstremfattigdomsgrensa: Grensa til Verdsbanken forankra i høgare mellominntektsland er på 8,3 USD om dagen, og 3,8 milliarder menneske lever under denne grensa. Dette talet er nærast uendra sidan 1990, men sidan det no bur langt fleire menneske på jorda, er andelen ned frå vel 70 til 47 prosent.
- Dei fleste landa med størst utfordringar er i Afrika sør for Sahara. Der er om lag 45 prosent av alle innbyggarar ekstremt fattige. Utan større rom for ny vekst og utvikling er det fare for at fattigdommen held seg høg i fleire tiår framover.
- Trendane peikar mot at berre 8 av 25 låginntektsland blir mellominntektsland dei neste 25 åra, mot heile 42 land i 25-årsperioden sidan årtusenskiftet.
- I år står over 70 millionar, eller nesten ein av fire unge i Afrika utanfor arbeid, skule eller opplæring.
- OECD reknar med at dei samla bistandskutta i Afrika sør for Sahara blir 16-28 prosent i år. Kutta frå USA er størst, men også andre store bistandsland som Storbritannia, Tyskland og Frankrike kuttar drastisk.
Sjå opptak frå frukostmøtet.
Pressekontakt: Ida Wullum-Lindberg
- Telefon
- E-post