Godt arbeid for mattryggleik i tørre område

Ein ny gjennomgang av nettverket for mattrykkleik i tørrlandsområde i Afrika, syner at dei gjer jobben sin godt. Men det er også forbetringspotensiale.

Tørrlandskoordineringsgruppa (TKG) er eit nettverk som skal bidra til betre mattryggleik for sårbare hushald og lokalsamfunn i tørrlandsområde i Afrika. TKG blei stifta i 1997, og er eit samarbeid mellom Norsk Folkehjelp, Kirkens Nødhjelp, CARE Noreg, ADRA Noreg og Utviklingsfondet.
Gruppa får rundt 6 millionar kroner i støtte frå Norad i 2007. Men først såg Norad på organiseringa av nettverket for å sjå om arbeidet vert gjort effektivt og godt.

Rapporten frå gjennomgangen konkluderar med at TKG er godt administrert og koordinert. Strategiprosessen i nettverket har styrka sjølve organisasjonen. Men dei treng meir kapasitet og kunnskap hos dei som arbeidar i bistandslanda. Dei bør også bli betre på å bruke forskingsresultat, særleg når dei lager nye prosjekt. Dei norske medlemma av TKG bør også diskutere korleis dei kan styrke sine bidrag i høve til behova til dei lokale medlemma.

Rolle framover

Eit av måla med gjennomgangen var å sjå om TKG fungerer som ein faginstitusjon, eller om dei er i ferd med å utvikle seg til ein frivillig organisasjon. Rapporten oppmoder TKG først og fremst til å halde fram som dei har gjort. Norad har likevel starta ein dialog med TKG om kva rolle dei skal ha framover. Mellom anna er TKG bedt om å utvikle programmet sitt og gjere det meir dynamisk. Før ei vidare auke av Norads tilskott er relevant, må TKG også dokumentere auka investering og samarbeid frå partnarar rundt tørrlandsproblematikk og matvaretryggleik.

TKG er aktiv i fire MUL-land der dei har nasjonale TKG-nettverk og bidreg til informasjon og erfaringsoverføring lokalt til både hushald, frivillige organisasjonar og offentlege styresmakter. TKG blir vurdert til å vere eit miljønettverk som fullt ut innfrir politisk krav om miljøorientering i programma (miljøhandlingsplanen). TKG har ei viktig rolle i å få deltaking frå det norske sivile samfunn med i det internasjonale forørkningsarbeidet (United Nations Convention to Combat Desertification), bærekraftig støtte til marginale hushald og nettverksbyggingsstrategi i Afrikas tørrland.

Om gjennomgangen

Gjennomgangen vart gjort som ein to vekers deskstudie utan feltbesøk. Oppdragsbeskrivinga var basert på tankegangen bak Norads mal for organisasjonsgjennomgangar, og Nordic Consulting Group har gjort gjennomgangen for Norad.

Denne gjennomgangen er den fjerde i ein serie som blir gjort på norske frivillige organisasjonar som får tilskot frå Norad. Tidlegare har Right to Play, Kirkens Nødhjelp og Flyktninghjelpen vore gjennomgått.

Last ned rapporten fra Norads publikasjonsbase:

Review of Drylands Coordination Group : Organisational Review Drylands Coordination Group (DCG).