
Utdanning og forsking
Utdanning er ein grunnleggjande menneskerett og ein føresetnad for berekraftig utvikling og inkluderande økonomisk vekst. Samstundes gjer forsking det mogleg å løyse store samfunnsutfordringar. Norad arbeider difor med heile utdanningsløpet – frå grunnopplæring og fag- og yrkesopplæring til høgare utdanning og forsking.

Dette støttar den norske utdannings- og forskingsbistanden
Målet med bistanden på utdannings- og forskingsfeltet er å sikre at alle barn får kvalitetsutdanning og at høgare utdanning og forsking bidreg til samfunnsutvikling.

