Bård Vegar Solhjell, Direktør i Norad
Ifølgje UN Women vart 48.000 kvinner myrda av ein partnar eller ein familiemedlem i 2022. Talet på mord i verda går ned, men det gjeld ikkje kvinnedrap, skriv spaltist Bård Vegar Solhjell, direktør i Norad.
Foto: Nadia Frantsen/Norad

Kronikk: Kva går igjennom hovudet på ein mann som er i ferd med å drepa kona eller kjærasten sin?

Det er farleg å vere kvinne. Også i Noreg. Årets første månad vart prega av drap, fleire av dei partnardrap. Kvinner som blir myrda av ein mann dei er i ein relasjon med. Ein ektemann, ein far eller ein kortvarig kjærast. Det er eit eige internasjonalt ord for dette: femicide. Det betyr drap på kvinner fordi dei er kvinner.

Av Bård Vegar Solhjell, direktør i Norad

Kronikken er også publisert her på Altinget 19.02.2024

Ifølgje UN Women vart 48.000 kvinner myrda av ein partnar eller ein familiemedlem i 2022. Talet på mord i verda går ned, men det gjeld ikkje kvinnedrap, skriv spaltist Bård Vegar Solhjell, direktør i Norad.

Det er farlegare å vera kvinne i andre delar av verda. Kjønnsbasert vald – i si ultimate form drap – finst overalt. Ifølgje UN Women vart 48.000 kvinner myrda av ein partnar eller ein familiemedlem i 2022. Talet på mord i verda går ned, men det gjeld ikkje kvinnedrap.

Kjønnsbasert vald kom på nytt på den internasjonale agendaen etter ei grufull hending i den indiske hovudstaden i desember 2012.

Den 22-årige fysioterapistudenten Jyoti Singh og kjærasten hennar gjekk på den private minibussen i bydelen Munika i det sørlege  New Delhi. Dei seks mennene som alt er på bussen, slår ned kjærasten hennar og set han ut av spel. Deretter gjeng-valdtar og torturerer dei Jyoti, så ho seinare døyr av skadane.

Den grufulle hendinga vart kjend som Nirbhaya- saka. 

Nirbhaya betyr «fryktlaus», og saka vart eit symbol for kampen mot drap og vald mot kvinner. I kjølvatnet av denne kom mange aksjonar, demonstrasjonar og kampanjar. 

Blir sett på som ei privatsak

Kva er årsaka til at kvinner blir drepne? Svara ligg i sosiale normer, i macho-kultur, i makt-ubalanse, i tradisjonar og svakt rettsvern. Menn som drep kvinner, svarer ofte at dei «mista hovudet», at dei ikkje hugsar noko eller at «det var hennar eiga skuld». Denne koplinga av mange årsaker gjer kamp mot kvinnevald endå meir vanskeleg og utfordrande.  

Norsk bistand tar dette på alvor og integrerer arbeid mot kvinnevald der det er relevant og mogleg, til dømes i program for å styrka rettsvesenet i mottakarland. Støtte til kvinneorganisasjonar er òg viktig. Det same er styrking av tenester som kan hjelpa kvinner ut av valdelege forhold.

Førebygging kan skje på fleire måtar, mellom anna ved å styrka partnarorganisasjonar som arbeider for å endra sosiale normer.  Dette er viktig fordi kvinnedrap kan bli bagatellisert og bortforklart. Nokre stader blir drap og vald mot kvinner sett på som ei «privatsak».

Endre sosiale normer

Nettopp dette arbeider organisasjonen «Sonke Gender Justice» med i Sør-Afrika.

Dei blir støtta av Norad gjennom «UN Trust Fund to end violence against women», og arbeider for å endra sosiale normer som gjeld kvinner og menn.

I Sør-Afrika er vald mot kvinner utbreidd, og mange blir myrda. Raten i landet samanlikna med verdsgjennomsnittet, er seks gonger så høg. Det betyr at over 2500 kvinner blir drepne kvart år, myrda av ein partnar eller familiemedlem.  

Styresmaktene i landet har innført lover, rettar og aksjonsplanar for å verna kvinner, men gjennomføringa går treigt. Utolmodigheita med dette førte til ein landsomfattande demonstrasjon for seks år sidan, der «Sonke Gender Justice» var ein av initiativtakarane. Tusenvis av kvinner gjekk i gatene i det som vart kalla «The Total Shutdown». Noko av bakgrunnen for demonstrasjonen var raseriet etter at den 17-årige Karabo Mokoenda vart drepen og sett fyr på av kjærasten sin året før.

I Latin-Amerika blir eit rosa kors brukt som symbol for å minnast kvinner som er offer for femicide. I 2021 vart 4445 kvinner myrda på denne måten i dei 18 landa på kontinentet. Også her er det kjønnsroller og svake rettssystem som er årsaker til kvinner mistar livet. I tillegg kjem organisert kriminalitet og gjenglovbrot som bidrar til fleire kvinnedrap.

Fleire latin-amerikanske land har vedtatt lover spesielt retta mot kvinnedrap, mellom dei Mexico og Brasil, men dette har ikkje redusert talet på drepne. Straffa for drap på kvinner kan vera mild. I Mexico vart Rocio Mancilla myrda av ektemannen sin. Han vart dømd, men fekk mindre enn to års fengsel for drapet.

Urfolks-kvinner meir utsett

Urfolks-kvinner er meir enn andre utsette for drap. MMIW står for Murdered and Missing Indigenous Women. I Nord-Amerika og Canada «forsvinn» over 4000 urfolk-kvinner i året. Dei blir drepne eller bortførte.

I Australia er urfolks-kvinner offer for ein av dei høgaste mord-ratane i verda. Dette er kvinner som lever i fattigdom og heimløyse, på reservat og ofte på flytting. Politistyresmakt i områda kan vera svak og fragmentert. Rapportering er dårleg koordinert. Alt dette gjer dei til eit lett «bytte» og dermed offer for femicide. 

I Canada er drapa på urfolks-kvinner beskrivne som ei nasjonal krise og eit folkemord. Symbolet for arbeidet mot drapa er ei raud hand over munnen. Dette er for å visa at drapa går upåakta for seg. Med andre ord: det trengst å skrike opp om dei. 

Kva går igjennom hovudet på ein mann som er i ferd med å drepa kona eller kjærasten sin? Sosiolog Martin Hernàn di Marco ved Universitetet i Oslo har intervjua 13 menn som sit fengsla for kvinnedrap i Argentina. Han gjekk til intervjua med eit ope sinn og ønskte å forstå bakgrunnen for drapa. Tre tema gjekk igjen: avvising, desperasjon og offeret si eiga skuld. 

Desse svara går att når det gjeld kvinnedrap over heile verda. I fengselet i Argentina tok heller ikkje ein einaste av dei tretten drapsmennene fullstendig ansvar for drapet.

Det er farleg å vere kvinne, men vi kan alle bidra til at det blir mindre farleg – både i Noreg og internasjonalt.

Publisert 19.02.2024
Sist oppdatert 19.02.2024