Klima, miljø og helse
Klimaendringar og miljøøydeleggingar har alvorlege konsekvensar for menneske si helse og velvære, og land si økonomiske utvikling. Dei fattigaste landa med svake helsesystem er mest utsette. Difor vil Noreg bidra til klimarobuste berekraftige helsesystem i utviklingsland, og førebyggje negative helseeffektar gjennom samarbeid på tvers av sektorar (ÉinHelse).
Kva
Klimaendringar og ekstremvêr som hete, styrtregn og stormar påverkar menneske si helse og velvære. Ekstremhete, flaum, tørke og skogbrannar tek liv og fører til skadar direkte, og aukar og endrar sjukdomsbyrda. Det gjeld både smittsame og ikkje-smittsame sjukdomar, også mental helse. I tillegg blir matproduksjon, tilgang til trygt drikkevatn og luftkvaliteten påverka, noko som har stor innverknad på folk si helse. Verdas helseorganisasjon reknar med at om lag 250 000 menneske vil døy for tidleg som følgje av feilernæring, malaria, diaré og heteslag åleine kvart år mellom 2030 og 2050. Fleire blir drivne på flukt og mistar tilgang til grunnleggjande helsetenester som vaksinar og svangerskapskontroll, fødselshjelp og nødvendige medisinar.
Temperaturendringar og endringar i nedbør fører til spreiing av smittsame sjukdomar som malaria og dengue til nye område. Flaum aukar faren for utbrot av kolera og andre vassborne sjukdomar. Menneske sitt press på naturen aukar faren for zoonoser (smitte mellom dyr og menneske) og nye infeksjonssjukdomar.
Også ikkje-smittsame sjukdomar som hjarte- og karsjukdomar, astma og lungesjukdomar, og mental helse blir forverra av klimaendringar og ekstremvêr.
I tillegg bidrar helsesektoren globalt til nærmare 5 prosent av alle utslepp av klimagassar, og bidrar også til miljøforringingar gjennom mangelfull avfallshandtering.
Kvifor
Dette utfordrar særleg fattige land med svake helsesystem, og reverserer noko av framgangen mot berekraftsmåla. Verdsbanken reknar med at dei negative helseeffektane av klimaendringane kan dytte 44 millionar menneske ut i fattigdom innan 2030. Over halvparten av desse vil bu i Afrika sør for Sahara og i Sør-Asia. Det til trass for at dei fattigaste landa i svært liten grad har bidratt til utslepp og klimaendringar.
Desse utfordringane legg seg ofte på toppen av andre kriser som krig og konflikt, og gjeldskrise for mange land. Det er eit stort underskot på finansiering av utvikling og tilpassing av helsesystem og samfunnet elles som må til for å trygge eigen befolkning i møte med klimaendringane.
Korleis
Rapportar frå FNs klimapanel og dei årlege klimakonferansane har gradvis auka kunnskapen om samanhengen mellom klima, miljø og helse. Under COP 26 forplikta landa seg til å utarbeide nasjonale tilpassingsplanar, og under COP28 i 2023 blei den første Helsedagen arrangert. Alliansen ATACH samlar over 80 land og mange fleire organisasjonar som ønskjer å redusere klimautslepp og bygge klimarobuste berekraftige helsesystem. Noreg deltek aktivt i arbeidsgruppene i ATACH.
Alliance for action on climate change and health (ATACH) (who.int)
COP28 UAE Declaration On Climate And Health
AR6 Synthesis Report: Climate Change 2023 (ipcc.ch)
Verdas helseorganisasjon har arbeidd med klima, miljø og helse i tiår, blant anna med støtte frå Noreg. Verdsbanken, som mottar kjernestøtte frå Noreg, jobbar også i aukande grad målretta på feltet. For å få ei auke i finansiering til klimatilpassingstiltak innan helsesektoren har Noreg støtta globale prinsipp for slik finansiering, som skal bidra til at private, offentlege, ideelle og multilaterale partnarar dreg i same retning.
Health and Climate Change (worldbank.org)
Arbeidet med å forstå, motverka og tilpasse seg helseeffektane av klimaendringane må inngå i alt arbeid for betre helse. For Noreg er det ein prioritet å bidra til sterke, klimarobuste helsesystem som kan gje universell helsedekning og gode primærhelsetenester til befolkninga i utviklingsland. Det blir sett på som det beste forsvar mot helseeffektane av klimaendringar og miljøforringingar. I tillegg er det avgjerande med samarbeid utover helsesektoren med alle dei faktorane som påverkar klimaendringane og effektane for folk si helse.
Noreg samarbeider med norske institusjonar for å styrkje helsesystem, som i aukande grad inkluderer arbeid med klima, miljø og helse. Universitetet i Oslo, HISP-senteret, bidrar til betre helseinformasjonssystem og digital infrastruktur i om lag 80 låg- og mellominntektsland. For stadig fleire betyr det også å kople klima- og helsedata for betre tidleg varsling og helseberedskap. Universitetet i Bergen og Centre for Ethics and Priority Setting in Health (BCEPS) får støtta til sitt arbeid med prioritering og etikk med helsemyndigheiter i fleire utviklingsland. Folkehelseinstituttet er ein viktig partnar i arbeidet for å bygge opp folkehelsefunksjonar i ei rekkje utviklingsland.
Noreg støttar også Det Globale Fondet, Gavi og GFF i deira arbeid som i aukande grad tek inn klima og helse i sine program. Unitaid har sett søkelys på korleis helseprodukt bidrar til karbonutslepp i produksjon, transport og avfall. Dei har også lansert planar om å bidra til produksjon av klimasmarte helseprodukt. Også internasjonale sivile samfunnsorganisasjonar jobbar i varierande grad med temaet, nokre svært aktivt, og andre er i utvikling.
Kontakt
Avdeling for velferd og menneskerettigheter