Moldova: Styrkt kompetanse innan kjønnsbasert vald og reproduktiv helse

Trening i Førebygging av seksuell utnytting, overgrep og seksuell trakassering for konsulentar som arbeider for moldovske styresmakter, 2023, Chisinau.

Mange flyktningar har kome til Moldova sidan fullskalakrigen mot Ukraina braut ut. Med fleire individ i ein sårbar situasjon, spesielt kvinner og barn, har risikoen for kjønnsbasert vald og overgrep auka. Samarbeid mellom organisasjonar, styresmakter og lokal- og flyktningbefolkning er sentralt for å styrkje kunnskapsnivået og forbetre systema for førebygging og oppfølging.

Endring gjennom førebygging: respons mot kjønnsbasert vald

Saman med partnarar har Kirkens Nødhjelp som mål å gje lindring og konkrete løysingar til kvinner og familiar ramma av kjønnsbasert vald. Både ukrainske kvinner og barn, og dessutan sårbare personar frå Moldova kan få støtte. Denne støtta kan ta form av rådgjeving og støtte til overlevande etter kjønnsbasert vald og menneskehandel, eller som medvitsgjering og opplæring, til dømes av sosialarbeidarar og korleis dei skal tilvise saker for å sikre at overlevande har tilgang til juridiske rettar. Ein viktig del av arbeidet er òg å kjempe mot stereotypiske oppfatningar, til dømes gjennom haldningskampanjar.

Ved å fremje rettar og ta vare på menneskeleg verdigheit har prosjektet vist fram krafta i samfunnsengasjement og kva humanitære tiltak har å seie for å bidra til å løyse komplekse sosiale problem.

Eit nytt, uformelt utdanningsprogram innan seksuell og reproduktiv helse og rettar (SRHR)

Internasjonale og nasjonale studiar viser at omfattande opplæring i seksuell og reproduktiv helse og rettar har ein positiv innverknad på utviklinga til barn og unge. Kunnskap og evner hjelper dei å unngå risikoåtferd, som elles kunne ført til skulefråfall eller -fråvær.

Programmet for opplæring i reproduktiv helse for ungdom og unge utanfor skulen er ein del av eit globalt program frå befolkningsfondet i FN, UNFPA, i 12 land, mellom dei Moldova. Programmet omfattar fleire tiltak som tek sikte på å motverke førekomsten av risikoåtferd blant ungdom og unge menneske, slik som rusmiddelbruk, seksuelt overførbare sjukdomar, vald, uplanlagde graviditetar og tenåringsabortar. I Moldova bidreg programmet til å styrkje tilbodet innan reproduktiv helse og rettar.

"Vi ønskjer å gjere unge menneske i stand til å ta informerte avgjerder til eigen fordel, og gjennom dette programmet vil vi nå ut til ulike kategoriar av unge menneske med informasjon og støtte når det gjeld den reproduktive helsa deira", seier Sîrbu, UNFPA.

Programmet fokuserer på sivilsamfunnsorganisasjonar, slik at desse kan styrkje eigen kapasitet innan seksuell og reproduktiv helse og drive opplysningsarbeid på dette området. Samtidig vil sårbare unge menneske som bur på landsbygda, har flyktningstatus eller lever med nedsett funksjonsevne, få støtte til å utvikle sunne livsferdigheiter og til å ta informerte val om eiga reproduktive helse.

Opplæring for å fremje vern og ansvarleggjering

Den internasjonale organisasjonen for migrasjon (IOM), FNs høgkommisær for flyktningar (UNHCR) og Interpol gjennomførte i 2023 felles opplæring for å auke kunnskapen blant politibetentar om vern mot seksuell utnytting og misbruk.

"Seksuell utnytting er eit vanskeleg fenomen og eit område som krev ei annleis og tilpassa tilnærming," seier Tentiu, leiar for direktoratet for internasjonalt politisamarbeid og leiar for det nasjonale byrået for Interpol.

IOM Moldova har òg levert fleire kurs til politiet i Moldova om førebygging av seksuell utnytting og misbruk og seksuell trakassering. Opplæringa har sikra ei heilskapleg tilnærming til vern av sårbare befolkningsgrupper. Samarbeid med Generalinspektoratet for migrasjon, Arbeids- og sosialdepartementet, påtalemakta i Chisinau og EU sitt kontor for grensevern i Moldova og Ukraina bidreg til at sårbare befolkningsgrupper, offer og overlevande kan finne ein fristad i ein vanskeleg situasjon.

Resultathistoriene på nettsida til Nansen-programmet for Ukraina er baserte på tekstar produserte og delt av dei sivile og humanitære partnarorganisasjonane i programmet. Historiene løftar fram eit augneblinkbilete for å vise fram forskjellen den norske støtta utgjer.

Publisert 10.05.2024
Publisert 10.05.2024
Oppdatert 10.05.2024
Oppdatert 10.05.2024