Betre kontroll og opplæring har redda nasjonalpark

Økonomisk støtte til naturvernsfond har hjelpt nasjonale myndigheiter til å avgrense ulovleg og ukontrollert hogst.

Kvifor: Overforbruk trua økosystemet

Kor mykje:

I 2009 ga Noreg 25 500 000 kroner til fondet for ein periode på fem år.

Skogen som ligg rundt Malawis høgaste fjell, Mulanje blei beskytta i 1927. Økosystemet er mangfaldig og inneheld mange plante- og dyrearter som ikkje finns utanfor området. Meir enn 285 000 menneske avhenger av naturressursar frå reservatet. Dette gjeld materialar til bygging, tradisjonelle medisinar og mat. Saman med hyppige skogbrannar og inntrengjande arter, har dette ført til at fleire planter i området er utrydningstrua.

Til dømes er sedertreet frå Mulanje spesielt ettertrakta som tømmer. I 2007 berekna ein at arealet med sedertre årleig reduseras med 42 hektar og at treslaget vil være utrydda innan 2027. Dei som livnærer seg på tømmer vil bli spesielt råka, fjellets økosystem vil bli forstyrra og det noverande potensialet for turisme vil reduseras.

Det globale miljøfondet Global Environmental Facility (GEF) har støtta eit prosjekt som minskar truslane mot fjellets økosystem. Prosjektet er satt i gang av private Mulanje Mountain Conservation Trust i samarbeid med skogdepartementet i Malawi. Et eige fond, Conservation Trust Fund, blei etablert for å skape bærekraftig nasjonal finansiering for prosjektet.

Då prosjektet blei starta i 2002 blei det støtta via GEF, men frå og med 2008 har fondet vore sjølvstendig frå GEF. I 2009 ga Noreg støtte til fondet for ein periode på fem år. Denne gjekk til handheving av lov, brannsikkerhet og kontroll, fjerning av inntrengjande planter og utvikling av alternative levebrød. Grunngjevinga for å støtte desse aktivitetane var å la fondet investere dei årlege avkastningane tilbake i fondet, og få fondet til å auke.

Resultat: Økosystemet har blitt bevart

Birøkting er en av de alternative inntektskildene som er blitt utviklet for lokalbefolkningen for å unngå overforbruk av skogen.
Birøkting er eit av tiltaka som gjev lokalbefolkninga eit alternativt levebrød.

Den norske støtta har gjett myndigheitene auka moglegheit til å skjerpe handhevinga av skogloven. Dette har ført til mindre ulovleg hogst av sedertre. Lokalsamfunnet har gjennom opplæring og deltaking lært å sette pris på reservatets viktige rolle som ein ressurs til vann og brensel, og at dette er ressursar som må beskyttast. Gjennom tiltak for alternative levebrød som birøkt, fiskeri og vatningsanlegg har prosjektet vore med på å redusere presset på ressursane.

I løpet av dei siste fem åra har 118 hektar med sedertre blitt planta, mot 42 hektar i dei fem åra forut. Dette har bremsa farten på avskoginga. Dei siste fire åra har området med sedertre ikkje blitt svekka i særlig grad, og området forventas å auke sjølv om det vil ta tiår før dei yngre trea blir fullvaksne. Ved å fjerne inntrengjande artar har trua planteartar byrja å komme tilbake igjen.

Ukontrollerte skogbrannar var tidlegare eit vanleg syn, mest på grunn av mangel på brannskilje, brannvesen og utstyr. Skogdepartementet har no laga eit nettverk på om lag 600 km med brannskilje som vedlikehaldas. Saman med betre brannvesen og utstyr har dette fått talet på brannar ned. For fem år sida blei om lag 10 000 hektar øydelagt av brann. No er dette redusert til om lag 2076 hektar.

Den norske støtta har sikra fondet, som har hatt ei auke frå 5,5 millionar dollar  då Noreg først støtta det, til 6,5 millionar dollar i 2012. Veksten har vore langsam, men det faktum at fondet har blitt oppretthaldt betyr at tiltaka og aktivitetane for å verna reservatet kan fortsetje etter at den norske støtta slutter.

Lærdom: Alternative inntekter er viktig for å hindre overforbruk

Bærekraftig forvaltning av skogen avheng av lokalsamfunnets deltaking og moglegheit for alternative levebrød for å unngå overforbruk av skogen.

Publisert 17.11.2010
Sist oppdatert 16.02.2015