Når utdanningsbistanden sårbare grupper?

Vi inviterer til frukostmøte for å drøfte korleis vi kan lykkast i dette arbeidet.
31 Oct. 2019

9:00 - 10:30

Add to calendar (ics)

Norad
Informasjonssenteret

Bygdøy allé 2, 0257 Oslo

Location (google)

Noreg har saman med dei andre medlemslanda i FN vedtatt eit globalt mål om å sikre inkluderande, rettferdig og god utdanning for alle. Eit av undermåla fokuserer særleg på å minske skilnadene mellom kjønn og sikre lik tilgang til alle utdanningsnivå for sårbare grupper.

Utgangspunktet for diskusjonen er ein studie som systematiserer funn frå eksisterande evalueringar. Studien er gjennomført av UNESCO i samarbeid med evalueringsavdelinga i Norad, Unicef, Verdens matvareprogram, Verdsbanken og fondet Education Cannot Wait. 

Studien viser blant anna at utdanningsbistand bidrar til at barn får tilgang til utdanning også i krise- og konfliktsituasjonar, men stiller spørsmål om læringseffekten.

Teamleiaren for studien, Dr. Karen Mundy, vil presentere hovudfunna i rapporten. Evalueringsdirektøren i UNESCO, Susanne Frueh og representantar frå Norad, Redd Barna og Atlas-alliansen vil kommentere, før vi opnar for debatt.

Vi spør:

  • Kva tiltak eignar seg best for å sikre auka tilgang til utdanning for dei mest marginaliserte?
  • Korleis kan ein betre kvaliteten i utdanninga og sikre auka læringsutbytte?

Seminaret blir halde på engelsk.

Rapporten kan lastas ned fra norad.no eller unesco.org

Enkel frukost frå 0830-0900.