BEGIN:VCALENDAR PRODID:-//Norad VERSION:2.0 METHOD:PUBLISH BEGIN:VEVENT DTSTART:20120619T120000 DTEND:00010101T000000 DTSTAMP:20240328T143230 LOCATION:Informasjonssenteret (6etg) Norad, Ruseløkkveien , X-ALT-DESC;FMTTYPE=text/html:
Ein elektronisk versjon av rapporten vil bli lagt ut på norad.no den 19. juni 2012.
Helse er eit av satsingsområda innafor tusenårsmåla. Noreg har tatt eit særleg ansvar for å medverke til at tusenårsmål fire og fem – om å redusere barnedød og å betre helsa til mødrer – blir nådd.
Eit av initiativa er etableringa av Fleirgivarfondet i Verdsbanken for resultatbasert finansiering innan helse (HRITF) i 2007. I 2009 bestemte også Storbritannia seg for å støtte fondet. Samla avtalefesta beløp frå Noreg og Storbritannia fram til 2020 er i overkant av 500 millionar amerikanske dollar.
Formålet med fondet er å redusere barnedød og å betre helsa til mødrer gjennom støtte til gjennomføring, evaluering og kunnskapsformidling om ulike former for resultatbasert finansiering av tiltak i dei fattigaste landa.
Fondet skal evaluerst tre gonger i løpet av avtaleperioden og den første evalueringa er no gjennomført.
Vi inviterer til seminar der funn og konklusjonar blir diskutert. Evalueringa er gjennomført av det britiske selskapet HLSP. Verdsbanken, Utanriksdepartementet og Norad vil delta på seminaret for å kommentere på funn og konklusjonar. Seminaret er på engelsk.
Vi ser fram til ein interessant debatt!
Evaluering av Fleirgivarfondet i Verdsbanken for resultatbasert finansiering innan helse (HRITF)
SUMMARY:Evaluering av Fleirgivarfondet i Verdsbanken for resultatbasert finansiering innan helse (HRITF) END:VEVENT END:VCALENDAR