Norad Policy Forum: Er vi for løysingsorienterte?

Eit nærmare blikk på nye tilnærmingar til institusjonssamarbeid.

Lant Pritchett – medforfattar bak boka «Building State Capability. Evidence, Analysis, Action» - kjem for å innleie om kapasitetsbyggjing og kvifor det ikkje fungerer i dag. I tillegg får vi høyre om ei ny tilnærming til feltet.

Pritchett forfektar ei problemdriven tilnærming til kapasitetsbyggjing, og i boka går han langt på veg i å kritisere dagens praksis som, ifølgje han, tar for lang tid med dagens tempo; «If state capability were coming to the party, would it be here by now".

Vi tar inn over oss kritikken og spør, stemmer dette? Har vi verkeleg feila i våre ambisjonar om statsbyggjing? Korleis veit vi eigentleg om vi er på feil veg?  Og er den problemdrivne metoden i det heile tatt foreineleg med måten vi jobbar på? 

Til panelet kjem: Lant Pritchett – medforfattar av «Building State Capability. Evidence, Analysis, Action», økonom, og jobbar med utdanning og helse.

Debattdeltakare: 

  • Dan Banik, forskningsleiar, Senter for utvikling og miljø, Universitetet i Oslo
  • Øyvind Eggen, dagleg leiar, Regnskogsfondet
  • Irene Tuveng, seksjon for internasjonalt utviklingssamarbeid, Statistisk sentralbyrå
  • Eirin Mobekk, fagdirektør, menneskerettar, styresett og sårbarheit , Norad

Møteleiar er Eva Bratholm.

Møtet vil vere på engelsk.