Evaluering av norsk støtte til Vest-Balkan

Scanteam har evaluert den norske støtta til Vest-Balkan på oppdrag frå Evalueringsavdelinga i Norad. Evalueringa omfattar norsk støtte frå 1991 og fram til i dag, som totalt har vore på om lag 10 milliardar norske kroner.

Rapporten konkluderer med at den norske bistandsporteføljen i dei tre case landa Bosnia-Herzegovnia, Kosovo og Serbia har vore i samsvar med måla for den norske bistanden og møtt behov i samarbeidslanda.

Ifølgje rapporten har aktivitetane i det store og heile nådd sine mål, mykje takka vere bruken av norske organisasjonar i planlegging og iverksetjing av prosjekt. Noreg har kanalisert  62,5 prosent av støtta til Vest Balkan gjennom norske aktørar, ein svært høg prosent gitt at støtta er gitt til ”mellominntektsland” med betydelig kompetanse sjølv. Fordelen med denne tilnærminga har i følgje rapporten vore  raske vedtak, lett og uformell tilgang til samarbeidspartnarane, god kontroll og at UD har kunne leggje press på aktørane om å levere som avtalt.

Men den einsidige fokuseringa på fleksibilitet og rask tilgang til ressursar har gått ut over meir langsiktige verknader. Rapporten er kritisk til at Noreg ikkje har hatt ein overordna strategi for innsatsen på Vest Balkan. Rapporten stiller seg også undrande til kvifor lokal kompetanse ikkje har vorte nytta i oppfølginga av aktivitetane.

Formålet med evalueringa har vore todelt: for det første å kartleggje resultat av den norske støtta med feltstudiar i Bosnia Herzegovina, Serbia og Kosovo, og for det andre å få fram nyttige  erfaringar når det gjeld overgang frå humanitær hjelp til meir langsiktig bistand.